FURORE: Her blir Angy Avendano tildelt Furorestipendet på 50 000 kroner. Pengane vert overrekt av Ellen Bye i Sparebanken Sogn og Fjordane.
Publisert 12. september 2024

Vart overraska på scena – fekk 50 000 kroner

Ord og uttrykk er verkemiddel som scenekunstnarar nyttar ofte. Men då Angy Avendano (26) fekk tildelt haustens første Furorestipend, kom det berre ei setning: – Eg er berre heilt tom for ord!
Arenaen var ærverdige Trudvang i Dale under Teaterfestivalen i Fjaler, og Angy Avendano frå Lærdal hadde akkurat spelt hovudrolla i teaterstykket sitt «La gente de la tierra/the people of the earth». Då ba Ellen Bye frå Sparebanken Sogn og Fjordane om merksemd då teppet fall og skodespelartrioen frå Mezcolanza Theater fekk trampeklapp frå tilhøyrarane.

Frå Chile til Lærdal

– Eg er utruleg takksam for at eg har fått vere til stades for å sjå førestillinga før eg skal dele ut dette stipendet. Her fekk eg verkeleg sjå korleis det kan følest å gå gjennom noko slikt, sa Ellen Bye før ho bad Angy Avendano tre fram for å få tildelt Furorestipendet på 50 000 kroner.
For historia i teaterstykket tek utgangspunkt i opplevingane til mor til Angy Avendano, Rosa. Ho flykta frå Chile grunna konsekvensane frå Pinochet sitt diktatur, og hamna til slutt i Lærdal med dottera, Angy, på armen. Stykket handlar om korleis flukt og migrasjon påverkar oss menneske, og den transformasjonen og konsekvensane vi går gjennom med tanke på å lære eit nytt språk, ein ny kultur og eit nytt samfunn.

Eige stykke

I grunngjevinga til Furorekomiteen heiter det at Angy Avendano (26) er eit unikt skodespelartalent. Ho er utdanna som skodespelar ved teaterskulen til Jacques Lecoq i Paris, og har allereie stått på scena på imponerande vis ved fleire høve. No vil ho nytte Furorestipendet på 50 000 kroner til å utvikle sin første solo-opptreden. Den skal ha premiere i Lærdal i 2026. Denne framsyninga krinsar rundt temaet TID, og prosjektet er basert på hennar personlege oppleving då storesøstra hennar vart kreftsjuk.
På samme måte som ho i teaterstykket «La gente de la tierra/the people of the earth» i Dale, tek ho ofte fatt i personlege opplevingar og gjer dei om til universelle problemstillingar. I Angy Avendano har Sogn og Fjordane fått ein skapande scenekunstnar vi kjem til å oppleve ofte både i Sogn og Fjordane og i Norge elles.

Sterke kjensler

Og som Angy tidlegare har uttalt om stykket ho viste i Fjaler sist helg:
– Dette handlar ikkje berre om min eigen familie, men om alle som ein gong har forlatt slekt, vener eller fødestad.
Men då sjekken på 50 000 kroner vart overrekt, var ho heilt lamslått og fann ikkje ord for å beskrive sin takksemd.
– Eg er berre heilt tom for ord, takka 26-åringen og lot tårene trille nedover kinnet medan ho vart omfamna av sine to kollegaer frå Mezcolanza Theater.
Stipendet til Angy er det første av fleire stipend som skal delast ut utover hausten.

Stig Roger Eide

frilans

Fakta om Furorestipendet:

Furorestipendet er eit personleg stipend til talentfull ungdom (15-30 år) i kategoriane kultur, idrett og «open klasse». Stipendet er gitt av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og pengane kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane. Dei siste åra har det blitt delt ut åtte stipend kvart år, som alle har ein verdi på 50 000 kroner.
Søk Furorestipend her

Siste frå meirennbank.no

Både idrettslaget og Røde Kors får glede av denne

– Vi har eit skrikande behov for meir lagerplass. Dette gjeld både Naustdal Røde Kors og Tambarskjelvar idrettslag, seier Bjørn Hundershagen. Med ei gåve på 350 000 kroner kan dei straks gå i gang.

Les heile saka
Både idrettslaget og Røde Kors får glede av denne11. september 2024
Overraska arbeidsfolket med bollar og pengar9. september 2024
20 millionar kroner til turstiar i heile Sogn og Fjordane6. september 2024
– Jobben som vert lagt ned er viktig for mange!30. august 2024