FØRST UT: Dei tilsette i Stryn var dei første som fekk ny logo på veggen. Frå venstre: Aslaug Valaker, Astrid Nytun, Ulf-Magne Eikås, Samuline Seljeset, Kristin Heggen, Odd Kjetil Tonning, Agathe Lunde Bergset og Roger Lillestøl.
Publisert 9. oktober 2024

Her er det første skiltet på plass

– Vi er veldig glade og stolte, og vi ser fram til å byte alle skilta til SpareBank 1 Sogn og Fjordane, seier Oddmund Kjøsnes, dagleg leiar i Fluor-Lux.
Sparebanken Sogn og Fjordane blir SpareBank 1 Sogn og Fjordane den 4. november. I samband med dette skal alle kontora til banken i Sogn og Fjordane og Bergen få nye skilt på bygga sine.
Både produksjonen og montering av skilta er det ei lokal bedrift som skal stå for, nemleg Fluor-Lux i Stryn. Monteringsjobben er allereie i gong, og måndag 7. oktober vart det første skiltet hengt opp.

Starta på heimebane

Sjølvsagt var Stryn først ut.
– Dette blei kjempeflott! Veldig kjekt at den nye logoen no er komen på veggen, og for oss i Stryn er det jo sjølvsagt stas at det vart ei bedrift herifrå som fekk denne jobben, seier Odd Kjetil Tonning, banksjef på privatmarknaden i Stryn.
Dagleg leiar i Fluor-Lux, Oddmund Kjøsnes, set pris på jobben dei har fått.
– Vi er veldig glade og stolte over å bli valt ut av banken, og at vi no får moglegheita til å levere skilt i eigen teig, seier Kjøsnes.
Artikkelen held fram under.
PÅ HEIMEBANE: Fluor-Lux frå Stryn står for både produksjonen og montering. F.v.: Mathias Magenbauer (Fluor-Lux), Jan Reed (Stryn Vaktmesterservice), Odd Kjetil Tonning (Sparebanken Sogn og Fjordane) og Bård Ola Borgund (Fluor-Lux).

Også lokale elektrikarar i sving

Kjøsnes fortel vidare at ein intensiv skilt-turne no ventar i Sogn og Fjordane og Bergen. Med på denne turneen vert også Stryn Vaktmesterservice. Målet er å vere ferdig i midten av oktober med alle utvendige skilt, og i tillegg er det også andre ting som skal gjerast innvendig fram mot 4. november.
– Vi har 2-3 personar hos som skal reise rundt. I tillegg samarbeider vi med lokale elektrikarar på dei ulike plassane. Eg må seie at alle desse er utruleg hyggeleg å ha med og gjere, så vi ser fram til å gjere denne jobben saman med dei, seier Kjøsnes.
Kommunikasjonsdirektør i banken, Johanne Viken Sandnes, er veldig fornøgd med at Fluor-Lux takka ja til oppdraget.
– Vi har berre gode erfaringar med Fluor-Lux og ser fram til at dei skal gjere denne store jobben for oss. Vi er glade for at dei set i gong skiltbyta i god tid, så bygga våre står klar i ny drakt når vi blir klare til det offisielle startskotet som SpareBank 1 Sogn og Fjordane i november, seier Sandnes. 

Siste frå meirennbank.no

1 million kroner til «Lys i bygda»

Med eit billettfond med pengar frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane håpar Teater Vestland å skape endå meir lys i bygdehusa.

Les heile saka
1 million kroner til «Lys i bygda»16. oktober 2024
– No kan vi invitere spelarane til optimale tilhøve14. oktober 2024
Dei skal utvikle bygda si – fekk pengeoverrasking!11. oktober 2024
– Det vi gjer her er nyskapande!8. oktober 2024