GODE NYHEITER: Det meiner Arne Sæterbakken, leiar for finans i Sparebanken Sogn og Fjordane.
Publisert 10. juli 2024

Positiv inflasjonsutvikling – dette betyr det for deg

Onsdag vart inflasjonstala for juni presentert. – Dette er gode nyheiter, seier Arne Sæterbakken, leiar for finans i Sparebanken Sogn og Fjordane.
Det var knytt spenning til om utviklinga den siste tida ville halde fram, eller om feriepengar og årets lønnsoppgjer ville løfte inflasjonen.
Fasiten frå Statistisk sentralbyrå viser ein nedgang i kjerneinflasjonen frå 4,1 prosent til 3,4 prosent for juni. Dette er noko lågare enn kva Norges Bank presenterte i sine prognosar på 3,6 prosent.
Aukar sjansen for rentekutt
– Dette er gode nyheiter med tanke på rentekutt. Norges Bank var veldig tydelege på at vi ikkje kunne forvente rentekutt i 2024, men dagens inflasjonstal viser at Norge går i riktig retning for å nå inflasjonsmålet på to prosent, seier Arne Sæterbakken, leiar for finans i Sparebanken Sogn og Fjordane.
Han held fram:
– Vi har gjennom heile 2024 sett ein langsiktig trend om at inflasjonen kjem til å gå ned og at dagens rentenivå på 4,5 prosent er med på å dempe aktiviteten i norsk økonomi.
Svekka krone
Kva trur du vil skje framover?
– Eg trur Norges Bank vil sjå at trenden held fram utover hausten før dei vurderer rentekutt og at dette mest sannsynleg ikkje vil skje før i 2025. Samstundes så er det gledeleg at inflasjonen fell innanfor segmenta tenester og spesielt leigeprisar. Vi ser no at det er dei innanlandske forholda som forklarer rundt 2/3 av inflasjonen. Mykje av forklaringa til dette kan vere eit godt lønnsoppgjer. Tala viser at matvareprisane held fram med å auke, men i eit lågare tempo enn tidlegare, seier Sæterbakken.
Derimot så er dei ferske inflasjonstala dårleg nytt for alle som skal utanlands.
– Den norske krona svekka seg med det same inflasjonstala vart offentlege og det betyr at sydenturen kanskje vert litt dyrare. Så blir det spennende å sjå om dette er ein overreaksjon på tala eller om den norske krona har funne eit nytt nivå framover, seier Sæterbakken.
Kva er eigentleg inflasjon og korleis oppstår det? Les meir på Norges Bank si nettside her.

Siste frå meirennbank.no

20 millionar kroner til turstiar i heile Sogn og Fjordane

Takka vere pengar frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane skal DNT Sogn og Fjordane satse på friluftsliv i nærområdet og gjere kommunane meir attraktive å bu i. Målet er å utvikle nærturmoglegheitene i kvar kommune.

Les heile saka
20 millionar kroner til turstiar i heile Sogn og Fjordane6. september 2024
– Jobben som vert lagt ned er viktig for mange!30. august 2024
Banken har selt seg ut av Frende27. august 2024
Slik får du kontroll på økonomien i haust20. august 2024