NYTT SKISKYTTARANLEGG: Frå venstre: Roy Stian Farsund, Jim Helle, Magne Bjørvik, Ian Gjerland, Daniel Kjerstad, Magn Henning Helgås, Vidar Gamlestøl, Torbjørn Os og Kjetil Bjørset. Jim Dalseng ligg framme.
Publisert 9. september 2024

Overraska arbeidsfolket med bollar og pengar

Dei tilsette som ferdigstiller det nye skiskyttaranlegget på Langeland vart overraska med både kaffi og bollar då banken dukka opp med gåvesjekk.
Asfaltarbeidet på det flunkande nye skiskyttaranlegget var i ferd med å bli avslutta då Roy Stian Farsund og Magn Henning Helgås frå Sparebanken Sogn og Fjordane dukka opp med ein gåvesjekk på heile 650 000 kroner til Langeland Ski- og Fritidssenter fredag. Og mottakarane Torbjørn Os og Kjetil Bjørset kunne stolt vise fram det nye anlegget som er i ferd med å bli ferdigstilt.
– No har vi eit komplett anlegg. 10 000 kubikkmeter med masse er flytta i samband med det nye skiskyttaranlegget, og alt er nytta her i området i samband med prosjektet. Noko som betyr at det også er gjort nokre endringar i skiløypene, fortel Bjørset og Os medan asfalteringa av både standplass og strafferundar er i ferd å bli fullført.
Dei 650 000 kronene er gitt av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og pengane kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane.

Mykje dugnad

– Bak standplass på skiskytterarenaen får vi ei stor flate som også kan nyttast til skileik av dei aller yngste. No gjenstår det stort sett berre å få på plass skiskyttarblinkane og bygge eit takoverbygg over desse. Det er plass til 20 elektroniske skiver, men vi startar opp med ti, seier Os.
Han held fram:
– Skiskyttargruppa er i utgangspunktet ei ganske lita gruppe, med om lag 10 aktive løparar. Men utan anlegg så har vi heller ikkje forventa at aktiviteten skulle vere så stor. Likevel har klubben hatt utøvarar som har hevda seg internasjonalt, seier Os og siktar sjølvsagt til skiskyttarar som Karoline Erdal og Håvard Gutubø Bogetveit.
Medan Os er leiar i skiskyttargruppa til Førde IL, er Bjørset leiar ved skisenteret. Sistnemnde fortel om eit imponerande dugnadsarbeid.
– Når gruppa er såpass lita, så har det også blitt svært mykje dugnad på nokre få personar. Likevel er timetalet blitt innpå 800 timar totalt. Og det er klart vi er svært stolte over å få ferdigstilt eit anlegg som har ei total kostnadsramme på over 6 millioner kroner. Dette er eit anlegg som det har vore snakka om i mange år, og som vi starta å jobbe for fullt med i 2017 då vi vart eit rulleskianlegg, seier Bjørset.
Artikkelen held fram under bildet.
GÅVE: Kvartetten Kjetil Bjørset, Roy Stian Farsund, Torbjørn Os og Magn Henning Helgås på vollen rundt skiskyttaranlegget.

Både pengar og godsaker

Gåva frå overskotet til banken vart som nemnd delt ut av Roy Stian Farsund, som er direktør for bedriftsmarknad, og Magn Henning Helgås, assisterande banksjef på bedriftsmarknaden.
– Vi har gjennom mange år sett den positiviteten som er skapt på Langeland. Dette er nok det skisenteret i Sogn og Fjordane med flest brukarar, og det er lagt ned ein enorm dugnadsinnsats her over mange år. Anlegget er i konstant utvikling, så derfor er det ei glede å gje noko tilbake, sa Roy Stian Farsund og Magn Henning Helgås frå Sparebanken Sogn og Fjordane.
Og etter overrekkinga av gåvesjekken var det klart for kaffi og bollar på heile arbeidsgjengen til «Asfalten og Forberedelser» som akkurat hadde fullført asfalteringa av det nye anlegget.

Stig Roger Eide

frilans

Siste frå meirennbank.no

Vart overraska på scena – fekk 50 000 kroner

Ord og uttrykk er verkemiddel som scenekunstnarar nyttar ofte. Men då Angy Avendano (26) fekk tildelt haustens første Furorestipend, kom det berre ei setning: – Eg er berre heilt tom for ord!

Les heile saka
Vart overraska på scena – fekk 50 000 kroner12. september 2024
Både idrettslaget og Røde Kors får glede av denne11. september 2024
20 millionar kroner til turstiar i heile Sogn og Fjordane6. september 2024
– Jobben som vert lagt ned er viktig for mange!30. august 2024