DYKTIG GJENG: Bak frå venstre ser vi Geir Arne Solheim, Torfinn Moen, Torstein Tvinnereim og Elin Paulsen. Framme frå venstre Tom Øyvind Solheim, Agathe Lunde Bergset, Tone Bjerkan og Anita Vinsrygg. Ingvill Hestenes og Sigrid Nedreberg sit også i styret for Nordfjordkompaniet.
Publisert 19. september 2024

– No kan super-jakta starte

Nordfjord går nye vegar når det gjeld å skape bu- og blilyst. – Med denne støtta på to millionar kroner kan vi gjere Nordfjord suprare, seier Tom Øyvind Solheim i Nordfjord-kompaniet.
Rekruttering til distrikta, fråfall i skule og arbeidsliv og riktig kompetanse til distrikta er tre av hovudelementa som Nordfjordkompaniet har som mål. Kompaniet har som målsetting å byggje opp, og ikkje minst sette ut i livet, eit konkret opplegg som skal gå frå barnehage til vidaregåande skule.
– Vi skal etablere ein betre systematikk rundt utdanningsval. Når vi er små har vi klare mål for kva vi skal bli, og så forsvinn desse ønska i mange år. Heilt til vi skal ta avgjersler når vi kjem opp i vidaregåande skule. Vi må ha eit lengre perspektiv for ei langsiktig rekruttering. Vår oppgåve blir difor å synleggjere kva moglegheiter som ligg rundt oss, seier Tom Øyvind Solheim, som saman med Tone Bjerkan er primus motor bak oppstarten av Nordfjordkompaniet.
– Vi starta Nordfjordakademiet i 2020, så har vi gradvis utvikla oss. Vi fekk støtte til ein pilot av Kunnskapsdepartemnet i 2021 då vi ser nasjonalt at det er fleire regionar som slit med akkurat same problemstillingane. Men det er først når vi fekk støtte frå Vestland fylkeskommune, og no ikkje minst frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, at vi kan dra i gang for alvor.

Stor gåve

Noko som ikkje minst Tone Bjerkan er klar på då Agathe Lunde Bergset stiller opp med gåvesjekken medan styret i Nordfjordkompaniet har møte. Dei to millionane blir gjeve av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og pengane kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane.
– Vi er utruleg takksame og set stor pris på at Sparebankstiftinga set pris på prosjektet vårt «Jakta på Superkreftene». Dette er eit veldig viktig arbeid for framtida i regionen, og vi har eit hårete mål om å gjere Nordfjord suprare. Her skal barn og unge finne sine superkrefter i vårt samfunn, seier Bjerkan og vert støtta av styrerepreeentanten Geir Arne Solheim.
– Vi må vere klar over at over 100 000 står utanfor anten skule eller arbeid i denne alderen. Dette er ein enorm ressurs, og målet er at vi her i Nordfjord skal prøve å gje nokre av desse eit godt tilbod, seier han.
Saka held fram under.
Her mottar Tonje Bjerkan i Nordfjordkompaniet to millionar kroner frå Agathe Lunde Bergset i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Stor breidde

Nordfjord-kompaniet har allereie i dag kontakt med 1300 studentar som anten er under, eller ferdig med, studiene sine. Denne kontakten skal nyttast for å orientere dei om dei tilboda som finst i Nordfjord. Nordfjord-kompaniet har 145 medlemsbedrifter, både innan det offentlege og private, og saman skal desse få synleggjort kva tilbod som ligg rundt i alle desse bedriftene.
– Vi sit etter kvart på ein enorm database på informasjon som skal bli meir tilgjengekleg for dei som skal ta eit viktig val for livet sitt, seier Tom Øyvind Solheim i samband med gåveoverrekkinga av to millionar kroner.

Språkpris

– Vi i Sparebanken Sogn og Fjordane har stor tru på dette prosjektet, og ser at det allereie no er skapt mykje. No håpar vi at prosjektet «Jakta på Superkreftene» kan ta til for fullt, og at Nordfjord kan bli ein suprare plass å vere, seier Agathe Lunde Bergset, som er kunderådgjevar på bedriftsmarknaden i Nordfjord.
PS: Språkbruken i Nordfjordkompaniet har utmerka seg nasjonalt, og så seint som 28. august fekk kompaniet tildelt Nynorsk næringslivspris av Norges Mållag for sin bruk av nynorsk. -Saman gjer vi Nordfjord suprare, er vårt slagord, seier Tom Øyvind Solheim.

Stig Roger Eide

frilans

Siste frå meirennbank.no

Vart overraska på scena – fekk 50 000 kroner

Ord og uttrykk er verkemiddel som scenekunstnarar nyttar ofte. Men då Angy Avendano (26) fekk tildelt haustens første Furorestipend, kom det berre ei setning: – Eg er berre heilt tom for ord!

Les heile saka
Vart overraska på scena – fekk 50 000 kroner12. september 2024
Både idrettslaget og Røde Kors får glede av denne11. september 2024
Overraska arbeidsfolket med bollar og pengar9. september 2024
20 millionar kroner til turstiar i heile Sogn og Fjordane6. september 2024