EIN VIKTIG JOBB: Organisasjonen «Opplev Leikanger» hadde i år fokus på at «Fruktbare dagar» skulle vere eit integrerings- og inkluderingstiltak. F.v.: Olav Skarsbø frå DigDir med barnebarn, Trond Eiken (Sparebanken Sogn og Fjordane), Oleksandra Deineko (OsloMet), Roar Werner Vangsnes (Opplev Leikanger), Knut Henning Grepstad (sogelaget) og Randi Wolff frå Sparebanken Sogn og Fjordane.
Publisert 8. oktober 2024

– Det vi gjer her er nyskapande

Integrering av ukrainske flyktningar, bursdagsgåve til fotballklubb, utstyr til studentar og utbetring av skihytte er stikkorda for gåvedrysset i Sogn i helga.
Totalt fire gåver vart delt ut i Sogndal og Leikanger i helga. Først ut var Gro Solås som på vegner av hyttestyret for skihytta på Kleppa på Leikanger, kunne ta imot 50 000 kroner til nødvendig vedlikehald.
– Hytta vart bygd på 1980-talet og det er trong for utbetringar. Denne «skihytta», som Syril IL eig saman med Leikanger Røde Kors, er i bruk stort sett heile året. Med denne gåva kan vi gå i gang med å utbetre toalettfasilitetane i hytta. Og skulle det bli att pengar, så går vi i gang med kjøkenet også, seier Gro Selås etter at Trond Eiken og Elisabeth Yvonne Sætren ved Sparebanken Sogn og Fjordane sitt kontor i Sogndal hadde overrekt ein gåvesjekk på 50 000 kroner.
Gåva er gitt av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og kjem frå overskotet til banken.
Artikkelen held fram under.
Gro Selås saman med Trond Eiken og Elisabeth Yvonne Sætren.

Integrering

Neste gåva frå bankoverskotet vart overrekt eldsjeler bak organisasjonen «Opplev Leikanger», som med sine «Fruktbare dagar» hadde hovudfokus på at årets arrangement skulle vere eit integrerings- og inkluderingstiltak.
– Her går både det offentlege og det frivillige organisasjonslivet saman om å gje ukrainske flyktningar ein møteplass i kommunen. Her er mange kulturarrangement, fritidsaktivitetar, stands, konsertar, turar og mykje anna, kan primus motor for «Opplev Leikanger», Roar Werner Vangsnes, fortelje då han mottek gåvesjekken av Trond Eiken og Randi Wolff ved sogndalskontoret til Sparebanken Sogn og Fjordane.

– Unikt på Leikanger

I løpet av helga har innpå 1000 personar delteke på minst eitt av arrangementa i «Opplev Leikanger», og under torgdagen og kulturkvelden var det stinn brakke.
– Det vi gjer her i Leikanger er eigentleg ganske unikt. Det er nyskapande at mange offentlege institusjonar som til dømes Digitaliseringsdirektoratet, Nav og Statsforvaltaren jobbar saman med frivillegheitssentralane og dei fleste frivillege organisasjonane i bygda, seier Knut Henning Grepstad som er leiar i sogelaget.
Den ukrainske forskaren ved OsloMet, Oleksandra Deineko, heldt også føredrag under kulturkvelden og orienterte om sine funn hos ukrainske flyktningar.
– Eg har studert dette temaet sidan 2022, og ser allereie fleire funn som er viktige for at ukrainske flyktningar skal bli integrerte i det norske samfunnet. Og det som blir gjort her i Leikanger er eit svært godt døme korleis dette kan skje på ein god måte, seier Deineko om etableringa av den uformelle møteplassen i bygda.
Artikkelen held fram under.
– Det vi gjer her er eigentleg ganske unikt, seier Knut Henning Grepstad (nr. 2 f.h.).

Glede for studentar

Neste gåve gjekk til studentorganisasjonen «Sjøspretten». Dei legg til rette for og arrangerer aktivitetar for studentar i vatn, som til dømes dykking, kajakk, elvepadling og surfing.
– Vi er om lag 100 studentar som nyttar oss av desse tilboda, og med denne gåva kan vi supplere på utstyret vårt som allereie har byrja å bli slitt. Vi har også gjennom støtte frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane tidlegare fått bygd eit lager kor vi kan få tørka utstyret vårt. Noko som er svært viktig for at utstyret skal vere haldbart lenger. Når vi no får 65 000 kroner på nytt, så betyr dette alt for oss. Og du skal vite at det er svært mange studentar som vil få glede av dette, seier Leiv Rønning i Sjøspretten då han mottek gåvesjekken frå Trond Eiken og Elisabeth Yvonne Sætren.
Som dei to nemnde gåvene over er også denne gitt av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.
Artikkelen held fram under.
Leiv Rønning i Sjøspretten saman med Trond Eiken og Elisabeth Yvonne Sætren i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Bursdagsgåve

Som siste gåve i denne sognerunda fekk Fjøra FK overrekt ein sum på 50 000 kroner av banksjef bedrift i Sogndal, Jan Petter Vadheim. Denne gåva frå Sparebanken Sogn og Fjordane vart motteke av leiaren i Fjøra Fotballklubb, Tom Wolff Navarsete. Dette skjedde i samband med at den vesle fotballklubben feira sine første 50 år på Quality Hotel Sogndal laurdag kveld.
Tom Wolff Navarsete i Fjøra FK mottek 50 000 kroner frå Jan Petter Vadheim i Sparebanken Sogn og Fjordane. Foto: Jon Navarsete

Stig Roger Eide

frilans

Siste frå meirennbank.no

25 bygdehus i Sogn og Fjordane fekk pengar

25 gåvesjekkar med ein totalverdi på tre millionar kroner har fått nye eigarar. Her kan du sjå alle som har fått.

Les heile saka
25 bygdehus i Sogn og Fjordane fekk pengar18. oktober 2024
1 million kroner til «Lys i bygda»16. oktober 2024
– No kan vi invitere spelarane til optimale tilhøve14. oktober 2024
Dei skal utvikle bygda si – fekk pengeoverrasking!11. oktober 2024