Publisert 17. januar 2024

Søk om draktsett til miniputtane!

Treng fotballaget ditt nye drakter til 2024-sesongen? No er tida inne for å søke om draktsett til miniputtane i Sogn og Fjordane. Søknadsfristen er 1. mars.

Søknadsfristen er no ute. Takk til alle som har sendt søknad og lykke til med årets Miniputt-turneringar!
Som hovudsponsor til NFF Sogn og Fjordane er vi stolte av å få dele ut draktsett til miniputtane (6-9 år) i heile Sogn og Fjordane. Til saman skal vi dele ut drakter til ein verdi av 125 000 kroner.
Laget må ha løyve frå klubbleiar til å søke. Dette på grunn av lokale sponsoravtalar og bransjeeksklusivitet. Fyll ut skjemaet nedst på sida for å søke.
Litt om draktene:
Draktene er av merket Nike eller Umbro, og dei vil ha Sparebanken Sogn og Fjordane-logoen på brystet. Eit sett vil bestå av totalt ti spelarsett med langerma trøye, shorts og strømper, og av desse er det to keeperdrakter. For dei yngste (6-7 år) vil eit sett berre bestå av spelartrøyer då dei ikkje brukar keeper på turneringane.
Draktene er i fargane raudt, blått, kvitt, svart, gult, oransje og grønt.
Når søknadsfristen er ute vil dei heldige vinnarane bli trekt. Vi ønskjer at alle skal få draktene til Kongleriket Miniputt Runde 1 søndag 5. mai.
Draktene skal vere i laget og gå vidare til neste gruppe av 6-9-åringar.
Ved spørsmål kan du kontakte Hildegunn Hove i NFF Sogn og Fjordane: hildegunn.hove@fotball.no
Vi håpar dette tilbodet vil glede alle som driv med barnefotball. Masse lykke til med årets sesong til både store og små!

Siste frå meirennbank.no

25 bygdehus i Sogn og Fjordane fekk pengar

25 gåvesjekkar med ein totalverdi på tre millionar kroner har fått nye eigarar. Her kan du sjå alle som har fått.

Les heile saka
25 bygdehus i Sogn og Fjordane fekk pengar18. oktober 2024
1 million kroner til «Lys i bygda»16. oktober 2024
– No kan vi invitere spelarane til optimale tilhøve14. oktober 2024
Dei skal utvikle bygda si – fekk pengeoverrasking!11. oktober 2024