Konsernleiinga
Styret


Magny Øvrebø
nestleiar

Jonny Haugsbakk
styremedlem

Lise Mari Haugen
styremedlem

Monica Rydland
styremedlem

Marie Heieren
styremedlem

Ole Martin Eide
styremedlem

Geir Opseth
styremedlem

Trond Teigene
administrerande direktør
Generalforsamlinga
Sparebanken Sogn og Fjordane sitt øvste organ har totalt 25 medlemmer: 9 valde av innskytarane, 6 medlemmer frå dei tilsette og 10 som representerer eigenkapitalbeviseigarane.
Her finn du oversikt over Medlemar i generalforsamlinga
Generalforsamlinga sine oppgåver
Som det øvste organet i banken er det generalforsamlinga som skal godkjenne årsrekneskapen og årsmelding til banken. Dei har også ansvar for å godkjenne val av leiar, nestleiar og dei andre medlemmene og varamedlemmene i styret, med unntak av medlemmer og varamedlemmer som valde av dei tilsette.
Andre saker som skal handsamast og avgjerast på den ordinære generalforsamlinga er følgjande:
- Utgreiing om styring av verksemda.
- Styret si fråsegn om fastsetting av lønn og anna godtgjersle til leiande tilsette.
- Styret sine retningslinjer for fastsetting av lønn til leiarar (generalforsamlinga sitt vedtak er rådgjevande).
- Retningslinjer for tildeling av eigenkapitalbevis, teikningsrettar, opsjonar og andre former for godtgjersle som er knytt til eigenkapitalbevis i sparebanken, til tilsette.
- Val av leiar for generalforsamlinga for 2 år.
- Val av medlemer og varamedlemer av valnemnda for val til generalforsamlinga.
- Val av revisor.
- Fastsetting av godtgjersle til tillitsvalde og revisor.
- Andre saker som etter lov eller vedtekter høyrer under generalforsamlinga.
Oversikt over møteaktivitet
Møte i generalforsamlinga 30. mars 2022
Leiar i generalforsamlinga er Bernt Reed, 6827 Breim.