Tre nye styremedlemmer | SSF

Tre nye styremedlemmer i Sparebanken Sogn og Fjordane

Vegard Strand, Silje Skaar Sunde og Ole-Hermann Rognsøy er valt inn i styret i Sparebanken Sogn og Fjordane.
Vegard Strand frå Dale er dagleg leiar i Åsen & Øvrelid Utvikling og sit også som styreleiar i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, hovudeigaren av banken. Han har tidlegare vore dagleg leiar for Eigedomsmekling Sogn og Fjordane, samt næringssjef i Fjaler. Med denne allsidige bakgrunnen frå næringslivet, har Strand med seg ei god forståing av bransjen og lokalsamfunnet som vil styrke banken og styret.

Silje Skaar Sunde er frå Førde og er leiar for forvalting og utbygging i BKK. Ho er utdanna ved Norges Handelshøyskole og har fleire års erfaring som økonomidirektør i Sunnfjord Energi. Sunde sit også i styret til Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

Spennande med overgang til ny allianse

– Eg har allereie fått noko innblikk i banken via styrevervet i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. No kjem eg endå tettare på arbeidet til denne drivkrafta som banken er for næringslivet og alle oss som bur her. Eg gler meg veldig til dette styrevervet, og ikkje minst blir det spennande å følgje banken over til å bli Sparebank 1 Sogn og Fjordane, seier Sunde.
Det er generalforsamlinga som vel styremedlemmer etter forslag frå valkomiteen.
I tillegg har dei tilsette i banken valt inn Ole-Hermann Rognsøy som ny tilsetterepresentant.

Ny tilsetterepresentant

Ole-Hermann Rognsøy har jobba i banken sidan 2011, først som kunderådgjevar på bedriftsmarknaden og seinare innan forretningsutvikling. I dag er han leiar for datadriven kundedialog i banken. Rognsøy erstattar Ole Martin Eide som no er over i ny rolle som leiar økonomisk kriminalitet i banken.

– Vi er svært glade for å ønske Vegard Strand, Silje Skaar Sunde og Ole-Hermann Rognsøy velkomne til styret i Sparebanken Sogn og Fjordane, seier adm. dir Trond Teigene.

– Dei har alle relevant og mangfaldig kompetanse og erfaring for banken, og eg er trygg på at dei vil bidra svært positivt i styrearbeidet framover. I tillegg får vi også god representasjon frå hovudeigaren vår Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, seier Teigene.