Full fart heile hausten

I løpet av hausten skjer det mykje rundt om i Sogn og Fjordane. Her finn du oversikt på dei arrangementa vi er og med og støttar, og på fleire av desse kan du møte oss og maskotane Kåre Bjørn og Elin Ekorn.

Jølster Aurefest 8. - 10. juni

Bli med til Jølster og prøv fiskelykka! Det tre mil lange Jølstravatnet er Nord-Europas beste vatn for fiske etter aure. Fiskekonkurransen samlar små og store fiskeglade, der målet i hovudkonkurransen er å kome nærast mogleg ei på førehand trekt idealvekt.
Les meir om Jølster Aurefest

Arnarsonmila 10. juni

Løpet går frå Rivedal i Askvoll kommune til Dale sentrum i Fjaler kommune. Ingolf Arnarson var frå Rivedal og i år 874 segla han til Island og busette seg der. I dag står statuen av han i Rivedal, og derifrå til Dale sentrum er det akkurat èi mil.
Les meir om Arnarsonmila

Måløydagene 9. - 11. juni

Måløydagene har i over 40 år vore eit samlingspunkt på sommaren. I år blir det blant anna tivoli, bunadsshow, opptog, loppemarknad, Maskedrama og mykje anna underhaldning.
Les meir om Måløydagene

Sildebordet 16. juni

Heilt sidan 90-talet har det blitt arrangert sildebord i Florø. I dag er det blitt verdas lengste sildebord, og det blir dekka opp med omlag 350 meter bord gjennom Florø sentrum. På menyen står det eit rikt utval av ulike silderettar.
Les meir om Sildebordet

Laksens dag 17. juni

Ein folkefest i Florø med laks i fokus. Her blir det konsertar, kokkelering og andre gratis aktivitetar for store og små. Heile laksenæringa frå fylket er på plass og syner fram rensefisk i byakvariet, båtar og oppdrettsutstyr, og det vert servert meir enn 5000 spanande nye lakserettar.
Les meir om Laksens dag

Kinnaspelet 17. og 18. juni

Vi er mangeårig sponsor for framsyninga av denne historiske forteljinga om då reformasjonen kom til Norge i 1537. Dette er teateret ved havet, der naturen og landskapet spelar med; ei unik oppleving som gjer at mange kjem igjen som publikum år etter år.
Les meir om Kinnaspelet

Sofjo Pride 16. - 18. juni

Vi ønsker eit samfunn som inkluderer alle, der alle skal ha rett til å vere den ein vil og elske den ein vil. Pride markerast i heile Sogn og Fjordane, og på programmet står blant anna parade, debatt, konsert, kino og quiz.
Les meir om SofjoPride

Pederhusveka 16. - 18. juni

Pederhuset på Breim har namnet sitt etter spelemann Peder Råd (1915 - 1997), som budde i huset heile livet. Målet med Pederhusveka er å gje publikum ei påminning om den rike folkemusikktradisjonen som har vore i området. I år kan du blant anna få med deg «Babettes Gjestebod» i Breim kyrkje og Sommarkveld 17. juni med ulike musikarar.
Les meir om Pederhusveka

Sunnfjord Triatlon 17. juni

Ei ekte styrkeprøve i Naustdal. Ein kan delta på kort eller lang løype, og i tillegg blir det arrangert barnetriatlon. Her kan alle vere med: triatletar, mosjonistar, trente, utrente, barn, ungdom, bedriftslag og publikum!
Les meir om Sunnfjord Triatlon

Kongleriket Miniputt - heile sommaren

Eit vakkert fotballeventyr for dei minste som vi arrangerer i samarbeid med NFF Sogn og Fjordane. Turneringane føregår frå mai til september og blir arrangert på ulike stader i Sogn og Fjordane. Kåre Bjørn og Elin Ekorn besøker fleire av turneringane, det blir kjekke aktivitetar og mykje fotballglede.
Sjå turneringsoversikt

Havblikk 23. - 24. juni

Fanøy ligg i øygruppa Batalden, ytst i havgapet utanfor Florø, med om lag 60 fastbuande. Lenger vest ligg det opne hav, og i nord og sør ligg prektige fjell som reiser seg opp frå havet. Her kan du oppleve ein unik festival med naturen tett på.
Les meir om Havblikk

Palmekystfestivalen 23. - 24. juni

Nokre av Norges største artistar er klare for å lage fest og moro i to dagar i Florø. I år kan du blant anna få med deg Madcon, Postgirobygget og Waterproof.
Les meir om Palmekystfestivalen

Jølster Maraton 1. juli

Langs sørsida på Jølstravatnet kan ein delta på maraton, halvmaraton, 10 km og 5 km. Løpet feirar 40-årsjubileum i år, og vi gler oss til å sjå små og store denne dagen.
Les meir om Jølster Maraton

Førdefestivalen 5. - 9. juli

Vi er stolte over å vere hovudsponsor for Skandinavias største internasjonale festival for akustisk folkemusikk og verdsmusikk. På familiedag i parken på søndagen stiller vi med kjekke aktivitetar og konkurransar for store og små.
Les meir om Førdefestivalen

Våt Moro 6. - 9. juli

Ein havsportfestival i Florø der du verkeleg kan få prøve deg i det våte element. Aktivitetane passar for ulike aldrar; Våt Moro Barnepark for dei aller minste, Ung Ekstrem for dei mellom 12-16 år, og i tillegg ulike aktivitetar for unge og vaksne over 16 år.
Les meir om Våt Moro

Skjærgårdstreffet 21. - 22. juli

I Askvoll blir det varierte aktivitetar for store og små. På programmet i år finn du blant anna rib båt, marknad med stands, veteranbilparade, barnas dag og mykje, mykje meir.
Les meir om Skjærgårdstreffet

Malakoff 20. - 22. juli

Vi er stolt generalsponsor for rockefestivalen på Nordfjordeid. Det blir tre dagar med store konsertopplevingar, dødsekonkurranse og ein fantastisk Malakoffcamp. I år kan du møte oss i loungeområdet vårt Minibanken, der vi har kjekke konkurransar, meet and greet og andre aktivitetar.
Les meir om Malakoff

Utkant 27. - 29. juli

Heilt nedi sjøkanten blir det kvar sommar god festivalstemning i Skjerjehamn i Gulen. Her er du velkommen til å kome i eigen båt og nyte konsertane med lett bølgeskvulp i bakgrunnen.
Les meir om Utkant

Kalvåg Kystfestival 4. - 6. august

Kalvåg Kystfestival lovar ein heidundrande fest for både store og små. Her kan du blant anna oppleve konsertar, kunstutstilling, trappeløp, rokonkurranse og sjørøvartok med seglskuta «Svanhild».
Les meir om Kalvåg Kystfestival

Eikefjorddagane 18. - 20. august

For 20. gong gjer Eikefjord seg klar for folkefest på seinsommaren. Det blir blant anna konsertar, marknad og barneleikar, konkurransar og styrkeshow.
Les meir om Eikefjorddagane