Arrangement med banken i vår

Bli med oss på mange kjekke arrangement utover våren.

Stryn Visefestival 12. - 13. april

Stryn Visefestival er ein intimfestival for deg som er glad i god formidling og vakker musikk. I år kan du blant anna få med deg Maria Haukaas Mittet, Unni Wilhelmsen og Thom Hell.
Les meir om Stryn Visefestival

Rockne Bowl 13. april

Amerikansk fotball innandørs på sitt aller beste! VGS-kampen mellom Bears og Eagles har blitt ein snakkis som trekker fulle hus i Førdehuset. Her blir det cheerleading, dans og rå muskelkraft. Konferansier for kampen er Leo Ajkic.
Les meir om Rockne Bowl

Støttekonsert for Ukrania 12. april

25 musikarar frå Ukraina skal på Norgesturne der dei m.a. skal besøke Førde, Bergen og Haugesund. Turneen samlar inn pengar til Mobile Naudhjelpsklinikkar som er bygde på tilhengarar som lett kan flyttast dit dei trengs mest i krigsområda. Dei ukrainske musikarane som er med på å finansiere desse naudhjelpsklinikkane, kjem til Førde kyrkje 12. april kl. 18:00. Instrumentet bandura er eit spesielt heilagt instrument for ukrainarane, og det blir brukt i motstandskampen no. Alle billettinntekter går uavkorta til å produsere Mobile Naudhjelpsklinikkar.
Les meir om støttekonserten

Bygdenæringsdagane Stardalen 20. - 21.april

Eldsjelene i Stardalen i Jølster arrangerer sine årvisse Bygdenæringsdagar 20. og 21. april. Her blir det blant anna sleggekonkurranse, gravemaskin-simulator, lotteri, ansiktsmaling, god mat og mange flotte utstillarar. På kveldstid blir det i tillegg show og konsert med Olav Stedje og Finn Tokvam.
Les meir om Bygdenæringsdagane

Breimstafetten 28. april

Breimstafetten er eitt av dei eldste idrettsarrangementa i Sogn og Fjordane og samlar kvart år fleire hundre utøvarar i alle aldrar. Breimstafetten blir omtala som vårens vakraste eventyr, og vi gler oss å vere med på gjennomføringa av den 84. stafetten.
Les meir om Breimstafetten

Oldestafetten 21. april

Olden Idrettslag inviterer til den 68. Oldestafetten. Dette er ein tradisjonsrik terrengstafett som vart skipa i 1955. Stafetten har endra seg med tida og består no av klassane "gutar", "jenter", "open klasse", "veteran", "damer" og "herrar". Stafetten har også ein ministafett for born mellom 6-10 år.
Les meir om Oldestafetten

Kongleriket miniputt - heile våren

Velkommen til årets første turneringsdato 5. mai, og vidare utover våren og sommaren. Vi gler oss til eit vakkert fotballeventyr for dei aller minste. Turneringane blir arrangert i samarbeid med NFF Sogn og Fjordane som vi er hovudsponsor for.
Les meir om Kongleriket Miniputt

Fotballoppgjer Førde - Florø 16. mai

Fotballkampen mellom Førde og Florø 16. mai er for mange blitt ein fast tradisjon dagen før nasjonaldagen. I fjor tapte Førde, klarer dei revansje i år? Møt opp på Florø Stadion og få svaret.
Les meir om kampen

Karusellritt Flora Cykleklubb - mai

Karusellritt i Florø sentrum. Meir informasjon kjem seinare.

Vettisløpet i Årdal 26. mai

Meir informasjon kjem seinare.
Les meir om Vettisløpet