Med Vipps blir det enklare for kundane dine å betale. Det passar for alle bedrifter, uavhengig av størrelse. Når du har Vipps for bedrift får du tilgang til Vippsportalen, der du har full oversikt over alle transaksjonar som går gjennom Vipps.

Vippsnummer

Vippsnummer er den enklaste måten å ta imot betaling på. Du får eit nummer som kunden kan overføre eit valfritt beløp til gjennom sin eigen Vipps-applikasjon. Kundane vel kjøp i appen, søker opp bedrifta di med namn eller nummer, og så kan dei betale. Kundane vil få ei kvittering i sin Vipps-applikasjon som stadfesting på kjøpet, og du vil sjå transaksjonen i Vippsportalen.
Bestill Vippsnummer

Vipps Faktura

Med Vipps Faktura blir fakturaen tilgjengeleg både i kunden sin Vipps-applikasjon og nettbank. Du sender rekningar rett frå rekneskapsprogrammet ditt på vanleg måte, medan kunden kan velje å betale rekninga anten med Vipps eller i nettbanken sin. For å nytte Vipps Faktura må du ha eit rekneskapssystem eller ein fakturadistributør frå før.
Les meir om Vipps Faktura

Vipps på Nett

Vipps i netthandel gir deg ei sikker og enkel betalingsløysing ved sal på nett. Kunden din får ei betre brukaroppleving, og det blir lettare å gjennomføre handelen. Vipps på nett gir fleire fordelar for kundane dine:
  • Enkelt - slepp å legge inn kortopplysningar og godkjenne med BankID
  • Fleksibelt - vel mellom fleire betalingsløysingar ved betaling
  • Trygt - stadig fleire vel denne betalingsmetoden
Du kan ha Vipps enten gjennom din betalingsleverandør (PSP) eller gjennom netthandelsplattforma di .
Bestill Vipps PSP
Bestill Vipps på Nett