Havbruksbransjen er prega av mykje innovasjon og kan dra nytte av dette når dei skal møte utfordringar med meir ekstremvêr som følgje av klimaendringane. I tillegg har bransjen ei utfordring med bruk av soya til fôr og flytransport av ferdige fiskeprodukt.

Utfordringar og konsekvensar

Meir ekstremvêr, sterk vind, storm og bølger vil auke belastinga på materiell og anlegg. Derfor må strukturar og anlegg byggjast for å tole større påkjenningar. Ei anna utfordring er varmare vatn som vil føre til oppblomstring av algar, auka risiko for sjukdommar og utbrot av parasittar og lakselus.

Bransjen jobbar også for å gjere fôrtilgangen meir berekraftig spesielt ved å få ned bruken av soya i fôr, ettersom produksjonen av soya er ein klimaversting. Bransjen har i tillegg ei utfordring med flytransport av ferdige fiskeprodukt, som gir eit betydeleg klimaavtrykk.

Kva tiltak kan bransjen gjere?

  • Elektrifisere fôrflåter og lokalitetar.
  • Servicenæringane kan levere mindre båtar med elektriske framdriftssystem.
  • Storsmoltproduksjon som reinser alt prosessvatn. Avfallet derifrå kan brukast som gjødsel i landbruket. Storsmoltproduksjon vil også redusere utfordringar som lus, rømming og smitterisiko ved sjukdom.

Kva tiltak kan banken gjere?

  • Sparebanken Sogn og Fjordane forventar at havbrukskundane har fokus på effektiv fôrutnytting og klimapåverknad, og at dei har relevant miljøsertifisering. Vi støttar ikkje selskap som ikkje etterlev lov om akvakultur og andre lover og forskrifter som regulerer drift av oppdrettslokalitetar.
  • Banken ser etter at selskapa har fokus på innkjøp av berekraftig fôr, og at kunden vurderer alternative produksjonsmetodar, som for eksempel lukka eller semi-lukka oppdrettsanlegg. Vi forventar at kundane har ein plan for å byte ut arbeidsbåtar med null- eller lågutsleppsfartøy og for elektrifisering av fôrflåtar.

Relevante berekraftsmål for bransjen

Mål 2

Habruksbransjen kan bidra med å utrydde svolt, oppnå matsikkerheit og betre ernæring, og fremme berekraftig havbruk.

Mål 3

Oppdrettsfisk blir ansett som næringsrik mat, og dermed kan bransjen sikre god helse og fremme livskvalitet for alle uansett alder.

Mål 14

Utvikling av oppdrettsteknologi må i større grad sikre biologisk risiko og redusere utslepp. Ein må også jobbe for å ta vare på og bruke hav og marine ressursar på ein måte som fremmar berekraftig utvikling.