Ein kassekreditt er ei kredittramme er som er knytt til bedrifta sin bedriftskonto. Den bør brukast til kortsiktige omløpsmidlar for varelager og fordringar. Du får betre likviditet, fordi rekningar kan betalast før du får inn salsinntekter. Treng du meir langsiktig finansiering, passar næringslån best.
De betaler løpande rente berre av den summen de til ei kvar tid nyttar av kreditten, i tillegg til kvartalsvis provisjon av innvilga kredittramme.
Kassekredittar blir innvilga for eitt år om gongen og blir fornya etter gjennomgang av bedrifta sin årsrekneskap.
Du kan òg søke om å få tilleggs- eller sesongkredittar som gjeld for ein kortare periode.
Fakturasal
Med fakturasal får du pengar på konto når du treng det - raskt og enkelt. Du lagar utgåande faktura som du pleier. Deretter lastar du opp og sender fakturaen til oss via kundeportalen. Vi kjøper fakturaen og sender den til kunden din, og du mottek pengane på konto neste arbeidsdag.
- Du får oppgjer for fakturaen din når du sjølv ønsker det.
- Du får rask tilgang til pengar og betre betalingsevne når du treng det.
- Vi overtar jobben, du fokuserer på di eiga verksemd.
- Fakturasal gir ingen binding og full friheit.
Fakturasal er levert av Sparebank 1 Finans Midt-Norge.