Bankar er pålagt å hente inn opplysningar frå kundane våre om korleis de har tenkt å bruke banken. Det må vi gjere før du blir kunde i banken, i tillegg til at banken jamleg må oppdatere denne informasjonen.

Eit viktig samfunnsoppdrag

Det å førebygge økonomisk kriminalitet er eit viktig samfunnsoppdrag for banken. Innhenting av informasjon om kundane våre sin bruk av banken er ein viktig og lovpålagt del av dette arbeidet. Oppdatering av kundeerklæring gjeld både privatkundar og bedriftskundar, men spørsmåla vil vere litt ulike etter kva kundetype du er.
Spørsmåla som blir stilte, og som du må svare på, skal gje banken oversikt over korleis du har tenkt å bruke banken det neste året. Dei fleste spørsmåla har ein hjelpetekst med meir forklaring om kva du må fylle inn. Du kan også kontakte Bedriftssenteret vårt om du ikkje forstår nokre av spørsmåla.

Manglande kundeerklæring og sperra kundeforhold

Kundeforhold kan bli sperra eller avslutta som følge av manglande kundeerklæring. Ta kontakt med Bedriftssenteret dersom du har fått kundeforholdet ditt sperra.
Les meir om vårt arbeid mot kvitvasking

Ting folk lurer på