- Straumprisane i fjor tvinga oss til å gjere noko

Når Vesterland Feriepark skal fyre i omnen, må dei fram med traktor og gravemaskin. Dei har nemleg investert i eit fyringsanlegg som produserer så mykje som 1,2 millionar kilowattimar i året. Då trengst det både god finansiering og nok brensel for å halde varmen.
– Hovudgrunnen til at vi gjorde denne investeringa var straumprisane i fjor som låg an til å bli, og som blei, veldig høge. Då blir ein tvinga til å gjere noko, seier dagleg leiar Arne Glenn Flåten.
Anlegget er eit biobrenselanlegg med ein effekt på 600 kw. Med dette har Vesterland Feriepark på Kaupanger nok energi til å varme opp hovudbygget, badebassenget og det dekker behovet for oppvarming på 50 prosent av utleigehyttene. I tillegg sørger anlegget for forvarming på varmtvasstanken, slik at vatnet er litt varmare når det kjem inn på tanken.

Den gode rådgjevinga

Vesterland har gjort avtale med fleire lokale bedrifter for å få ta i mot brensel. Blant anna har Are Treindustrier mykje kapp til overs som Vesterland får hente.
– Dette måtte dei elles betalt for å levere dette til gjenvinningsstasjon, så det er vinn-vinn. I tillegg har vi avtalar med ulike byggmeistrar som leverer avfall og materialrestar, og vi brenn også hageavfall, seier Flåten.
Han fortel at dei med grønt næringslån frå Sparebanken Sogn og Fjordane ser på dette som eit god investering for bedrifta.

– Vi fekk fantastisk god rådgjeving, og det er godt å ha ein bank som ein kan spele litt ball med. Det er godt å diskutere litt fram og tilbake før ein tek avgjersla, seier Flåten.
Grønt næringslån frå Sparebanken Sogn og Fjordane er til bedrifter som ønsker å omstille bedrifta til ei grønare framtid. Investeringane kan for eksempel vere energieffektive tiltak på bygningar, innkjøp av maskiner, endring i produksjonsprosessar og innkjøp av elektriske køyretøy.

Må vere lønsamt

Han trur reiselivsbransjen har ein del å gå på når det gjeld grøne investeringar, men at mange er på god veg.
– Ein ser ei endring i korleis nokre pakketurar er lagt opp. I staden for ei natt her og der, og mykje reising, bør ein heller satse på fleire netter på éin stad og så utflukter derifrå. Du reiser mindre, men opplever like mykje, forklarer Flåten.
Han peiker også på at det må vere lønsamt for at det skal bli gjort grøne investeringar.

– Ingen bedrifter vil gjere miljøtiltak som kostar dei mykje pengar, ein må tene pengar for å klare seg i denne bransjen. Det er ingen turoperatørar som spør om miljøsertifisering. Enten må det bli stilt krav frå myndigheitene, eller så må det vere lønsamt, seier Flåten.
Banksjef for bedriftsmarknaden i Sparebanken Sogn og Fjordane Ørjan Skåden, er einig.
– Kundane våre set pris på at vi tilbyr grøne lån, men eg ser likevel at den største motivasjonen for bedriftene for å gjere grøne tiltak er at dei sparer kostnader og at det er lønsamt. Samtidig vil enkelte framoverlente bedrifter sjå på slike investeringar som ein måte å posisjonere seg for framtida på, og som eit konkurransefortrinn dersom det kjem endringar i til dømes marknaden, myndigheitskrav og regelverk, forklarer Skåden.

Varmepumpe og solcelle

I tillegg til fyringsanlegget har Vesterland også etterisolert fleire av hyttene, og skal investere i solcelleanlegg på eit bygg dei har på Leikanger.
– Etterisoleringa og solcellene er ei investering vi ikkje hadde gjort utan grønt næringslån, så det var heilt avgjerande. No i haust skal vi også installere nye varmepumper. Og dersom vi skal utvide bygningsmassen kjem vi til å kjøpe eit større fyringsanlegg, fortel Flåten.
Flåten har eitt tips til andre bedrifter som ønskjer å gjere grøne investeringar.

– Investere i tiltak som monnar til dømes varmepumpe eller fyringsanlegg. Vi rekna på solcelle i 2016, då blei eg frårådd det fordi prisane var for høge. Men no er vi komne lenger og prisane er annleis, og då lønner det seg for oss, seier han.
Les meir om grønt næringslån

Kontakt oss gjerne om du er interessert i grønt næringslån

Andreas Bjelde

Andreas Bjelde

Sogndalkunderådgjevar bedrift959 79 347andreas.bjelde@ssf.no

Ørjan Skåden

Stryn, Leiingbanksjef bedrift481 67 120orjan.skaaden@ssf.no