Innskotspensjon er den vanlegaste løysinga bedrifter bruker for å spare til dei tilsette sin pensjon. Du betalar inn ein bestemt sum kvart år til dine tilsette sin pensjonskonto.

Stadig viktigare som tilsettgode

Å spare til pensjon for dine tilsette, er kanskje det viktigaste du gjer for dei. Gode pensjonsordningar er òg eit stadig viktigare gode for å halde på dine beste folk, og for å vere ein attraktiv arbeidsplass når du skal tilsette nye.
Pengane du sparar blir investert i fondspakkar. Tilsette kan sjølv velje kva fondspakke dei vil ha, innanfor den avtalen som bedrifta har valt.

Enklare handtering i det daglege

Med nettløysinga Bedriftsdialogen er det enkelt å halde avtalen oppdatert. Med få klikk kan du melde tilsette inn og ut av avtalen, registrere sjukefråver, endre løn eller stillingsprosent. Du kan òg sjekke fakturahistorikken og finne andre nyttige rapportar.
Bedriftsdialogen er sjølvsagt tilgjengeleg for deg på mobil, nettbrett og PC.

Enkelt for dine tilsette

Dine tilsette får ei tydeleg og forståeleg oversikt over pensjonen sin – rett på mobilen.
Med pensjonsappen Boost kan dei tilsette enkelt berekne kva som kan bli utbetalt i alderspensjon, og følge utviklinga på pensjonskontoen sin. Dei får òg oversikt over avtalen sin i folketrygda, opptent pensjon hos tidlegare arbeidsgjevarar og eventuell eiga sparing.
Dei tilsette får òg tilgang til Persondialogen med enkel oversikt på mobil, nettbrett og PC. I Persondialogen er det til dømes enkelt å endre mellom fondspakkar, og å følge verdiutviklinga.
Boost

Slik fungerer det hos oss

Gi uførepensjon som ekstra tryggleik

Du kan legge til tilleggsdekninga uførepensjon til avtalen. Då gir du tilsette og deira familiar ekstra tryggleik.
Uførepensjon kan gi inntil:
  • 3 % av lønn inntil 12 G
  • Tillegg på 66 % av løn mellom 6 og 12 G
  • Tillegg på 25 % av G, avgrensa til 6 % av løn
Uførepensjon blir utbetalt når inntektsevna til den tilsette er nedsett med 20 % eller meir, og han eller ho har vore sjukmeldt i 12 månadar eller lenger.

Innskotsfritak viss ein blir ufør

Innskotspensjonsavtalen har innskotsfritak. Det betyr at du slepp å betale innskota om ein tilsett vert ufør. Nordea Liv tek over sparinga, så lenge inntektsevna til den tilsette er nedsett med 20 prosent eller meir, og han eller ho har vore sjukmeldt i 12 månadar eller lenger.

Andre tilleggsdekningar

Innskotspensjonsavtalen kan òg inkludere ektefelle-, sambuar- og barnepensjon. Ektefelle- og/eller sambuarpensjon fungerer slik at ektefelle eller sambuar får utbetaling dersom den tilsette dør. Barnepensjon gir barn under 21 år utbetaling dersom den tilsette dør.

Prat gjerne med oss om pensjon

Har du spørsmål eller lurer du kanskje på kva type pensjon som passar for deg eller di bedrift? Kontakt oss for ein prat.
Send oss e-post

Gunnar Heggheim

Førde, Fagspesialist, Leiingleiar investeringssenter916 80 362gunnar.heggheim@ssf.no

Oddmund Nielssen

Florø, Fagspesialistinvesteringsrådgjevar477 08 387oddmund.nielssen@ssf.no

Oddvar Fimreite

Sogndal, Fagspesialistpensjonsrådgjevar bedrift916 13 238oddvar.fimreite@ssf.no

Odd Helge Aase

Dale, Fagspesialistinvesteringsrådgjevar462 99 447odd.helge.aase@ssf.no

Ulf-Magne Eikås

Stryn, Fagspesialistinvesteringsrådgjevar971 12 450ulf-magne.eikaas@ssf.no

Målfrid Standal Reksten

Florø, Fagspesialistkonsulent investeringssenteret458 75 797maalfrid.reksten@ssf.no