Arbeidsgjevarar er lovpålagde å spare til alderspensjon for sine tilsette. Dette er kjent som obligatorisk tenestepensjon (OTP), og pålegg dei fleste bedrifter og organisasjoner å spare minimum to prosent av løn frå første krone og opp til 12 G. Kravet om OTP kan oppfyllast ved å etablere ein innskotspensjonsavtale, og blir utbetalt til kvar medarbeidar som eit tillegg til ytelsane frå folketrygda.

Fordelar for bedrifta

  • Attraktiv arbeidsplass som tenker på tilsette si framtid som pensjonist.
  • Oversiktleg ordning både for bedrift og tilsett.
  • Lett tilgang til oversikt og evt. endringar av avtalen på nett.
  • Bedrifta får frådrag for innbetalt beløp.
  • Banken er kontaktpunkt både for bank-og pensjonstenester.
  • Låge kostnader.

Fordelar for tilsette

  • Meir sikker og stabil pensjonsøkonomi.
  • Sparesaldo ikkje skattlagd før utbetaling som pensjonist etter 67 år.
  • Tilsette kan sjølv bestemme korleis sparebeløpet skal forvaltast ved eigen risikovilje og tidshorisont.
  • Rådgjeving frå din kontaktperson i banken saman med spisskompetanse på pensjonssparing.
  • Sparekapitalen tilhøyrer kvar enkelt tilsett, og kan takast med til ny arbeidsgjevar.

Krav til bedrifta

  • Tenestepensjonsavtalar skal omfatte tilsette frå og med 13 år.
  • Bedrifta må ha minst to tilsette, eller ein tilsett utan eigarinteresser.
  • Alle skal ha same pensjonsordning.
  • Pensjonsutbetaling frå 67 år.
  • Utbetalingstid minimum 10 år.
  • Bedrift med meir enn 15 tilsette treng eiga styringsgruppe.

Premiefritak

Bedrifta må teikne premiefritak for innskot/premie. Dette vil sikre at arbeidstakar
som blir ufør framleis vil tene opp alderspensjon i pensjonsordninga.

Prat gjerne med oss om pensjon

Har du spørsmål eller lurer du kanskje på kva type pensjon som passar for deg eller di bedrift? Kontakt oss for ein prat.
Send oss e-post

Gunnar Heggheim

Førde, Fagspesialist, Leiingleiar investeringssenter916 80 362gunnar.heggheim@ssf.no

Oddmund Nielssen

Florø, Fagspesialistinvesteringsrådgjevar477 08 387oddmund.nielssen@ssf.no

Oddvar Fimreite

Sogndal, Fagspesialistpensjonsrådgjevar bedrift916 13 238oddvar.fimreite@ssf.no

Odd Helge Aase

Dale, Fagspesialistinvesteringsrådgjevar462 99 447odd.helge.aase@ssf.no

Ulf-Magne Eikås

Stryn, Fagspesialistinvesteringsrådgjevar971 12 450ulf-magne.eikaas@ssf.no

Målfrid Standal Reksten

Florø, Fagspesialistkonsulent investeringssenteret458 75 797maalfrid.reksten@ssf.no