No er ny løysing for rekneskapsgodkjente betalingar aktivert også for dei som brukar Poweroffice GO. For andre rekneskapsprogram vart løysinga innført 1. mai 2021. Den nye løysinga gjer at du kan godkjenne betalingar rett frå rekneskapsprogrammet utan behov for ettergodkjenning i nettbanken. Dette vart innført for Poweroffice GO 6. september.

Slik fungerer den nye løysinga

For å bruke rekneskapsgodkjente betalingar må rekneskapsprogramma legge til rette for det i sine system, slik at informasjon om betalar blir sendt i lag med betalingsinformasjonen. Når du betaler frå rekneskapsprogrammet, skjer det ein automatisk kontroll av godkjenningsrett og legitimasjon. Det betyr at den eller dei som godkjenner betalinga i rekneskapsprogrammet også må ha godkjenningsrett på kontoen i Nettbank Bedrift. Merk at det ikkje er nok å bli lagt opp som brukar i Nettbank Bedrift - du må også ha logga inn minst éin gong for at kontrollen av godkjenningsrett skal fungere.
Etter endringa vil det framleis vere mogleg å sende inn betalingar som ikkje er godkjent i rekneskapsprogrammet, men desse må ettergodkjennast i Nettbank Bedrift.

Ting folk lurer på