No kan du sette inn og ta ut kontantar i daglegvarebutikkar over heile landet. Tenesta er eit samarbeid med BankAxept, og er tilgjengeleg i dei fleste Joker-, Kiwi-, Meny- og Spar-butikkane.
Korleis gjer eg det?
Sjå etter informasjonsskilt i nærbutikken din. Kassane som har denne tenesta skal vere merka. Du treng ikkje å handle noko for å ta ut eller sette inn pengar. Bruk bankkortet ditt og PIN-koden for å identifisere deg i bankterminalen i kassen, og pengane blir tatt ut eller sett inn på kontoen som kortet ditt er knytt mot. Tenesta kan brukast av privatkundar, bedriftskundar, lag og organisasjonar.
Alle bankkorta våre kan brukast
Alle BankAxept-korta våre kan brukast. Både Visa Classic, Visa debet, ungdomskort og barnekort. Med dette kan ungane altså ta med seg sparepengane sine til butikken og sette dei inn på konto sjølv. Hugs å ta med kortet, då pengane går inn på kontoen kortet er knytt til. Overfør dei eventuelt inn på sparekontoen med mobilbank rett etterpå.