Søk om avdragsfri periode på fritidslånet ditt

Her kan du søke om avdragsfriheit for ein lånetermin som ikkje er gått til forfall. Dette betyr at du utset betalinga av sjølve avdraget, mens rentene på lånet framleis må betalast.
Avdragsfri periode kostar 350 kr i behandlingsgebyr.
Ein innsendt søknad er ingen aksept, og du må følge betalingsplanen på lånet inntil vi har bekrefta at den blir endra. Det er Sparebank 1 Finans Midt Norge som behandlar søknadane om avdragsfri periode, og du vil få ei tilbakemelding på e-post når søknaden er ferdig behandla.

Om det er mindre enn 14 dagar til neste forfall, vil avdragsfriheit gjelde frå neste månad.

Krav for å få innvilga avdragsfri periode:
  • Godkjent kredittsjekk
  • Søker i god tid før låneterminen har forfall
  • Er ajour med betaling av låneterminane og at du har hatt lånet i minst minst 6 månadar
  • Har lån som ikkje er restlånsfinansiering (bilen er seld med gjenståande lån)
Du kan maks søke om 3 månadar avdragsfriheit pr. 12 månadar.