Kundebehandlarar på Studentsenteret

Søknadsfrist 08.08.2021
Vi har ledig spennande deltidsstillingar som kundebehandlar på Studentsenteret vårt i Bergen. Er du god på kommunikasjon, ønskjer å skape dialog og tillit og har godt humør, så er det kanskje deg vi er på jakt etter.
Arbeidsoppgåver
• Kundepleie for eksisterande kundar over telefon
• Innsal og møtebooking for lokalkontora
• Sal og marknadsføring av banken sine tenester og produkt
• Andre marknadsføringsaktivitetar
Personlege eigenskapar
• Positiv lagspelar med gode samarbeidsevner
• Utprega serviceinnstilling og god vurderingsevne
• Proaktiv, strukturert og engasjert
• Oppteken av å drive utvikling og skape resultat
• Evne til å kommunisere tydeleg, og forstå behov i organisasjonen og hos kundane
• Fortrinnsvis studentar som er tidleg i studieløpet
Vi tilbyr
• Ei spennande og utfordrande stilling med god mogelegheit for personleg utvikling
• Løn etter avtale
• Gode pensjons- og forsikringsordningar
• Eit godt arbeidsmiljø med gode kollegaer som vil ta godt imot deg
Studentsenteret har hovudansvar for oppfølging av kundar utan lån som er mellom 18 og 26 år. Målsettinga er å bygge positive relasjonar med kundane gjennom å avdekke behov. Dette skjer gjennom oppfølging per telefon. Deltidsstillinga er på 20%, med arbeid 5 timar på kveldstid (mellom kl 15.30 – 20.30) ein til to kveldar i veka.
Har du spørsmål er du velkommen til å kontakte teamleiar Anette Melheim Jensen, tlf. 412 55 670 - anette.jensen@ssf.no eller banksjef Torunn Steimler, tlf. 988 28 536 – torunn.steimler@ssf.no.
Sparebanken Sogn og Fjordane er den åttande største sparebanken i landet, og har nær 50 prosent av marknaden i Sogn og Fjordane. Banken har ein forvaltningskapital på om lag 63 milliardar kroner og nær 280 tilsette i Sogn og Fjordane og Bergen. Banken er det største finansielle fagmiljøet mellom Ålesund og Bergen.