Kunderådgjevar privatmarknad Sløvåg

Vil du bli ein del av Norges største bankallianse? I løpet av 2024 vert Sparebanken Sogn og Fjordane ein del av SpareBank 1, som er nettopp dette. Vi styrker oss som bank, og no vil vi også styrke laget vårt inn i den spennande tida som står føre oss.
Vi har fokus på å gi kunden den beste rådgjevinga - og vi søkjer no etter rådgjevar til vårt kontor i Sløvåg.
Kontoret vårt i Sløvåg har totalt 4 tilsette på bedrift og privatmarknad, og saman med kontoret vårt i Dale som har 11 tilsette, rådgjev vi våre kundar i HAFS-kommunane, Gulen og Nordhordland.
Du vil få ansvar for å følgje opp og utvikle eiga kundeportefølje gjennom god rådgjeving og tilpassa produkt, både til eksisterande og nye kundar.
Vi ser etter deg som er engasjert, omgjengeleg og serviceinnstilt. Du er god på å sjå behov og å finne dei riktige løysingane for kundane. Du har ei solid vurderingsevne og er trygg og tydeleg i relasjon med kunden. Du trivst med å vere ein lagspelar, men du har også driv og engasjement i sjølvstendig arbeid. Du har høgare utdanning. Relevant erfaring kan kompensere for krav til utdanning. 
Som arbeidsgjevar tek vi godt vare på våre tilsette. Noko av det vi kan tilby er fleksibel arbeidstid, hybrid kontorløysing, redusert arbeidstid frå mai til august, medeigarskap i bedrifta gjennom tildeling av eigenkapitalbevis, gode pensjons- og forsikringsordningar og ei spennande stilling med moglegheit for personleg utvikling i ein innovativ og framtidsretta bank. Hos oss får du eit triveleg arbeidsmiljø med kompetente kollegaer som vil ta godt i mot deg. Her er det korte vegar til avgjersler, vi hjelper kvarandre med å lukkast og det er rom for å vere seg sjølv.

Fakta om stillinga

Søknadsfrist
21.04.2024
Kontorstad
Sløvåg
Kontakt
Banksjef Torunn Mattson,
tlf 478 62 735
Søk på stillinga
Sparebanken Sogn og Fjordane er den niande største sparebanken i landet og har nær 50 prosent av marknaden i Sogn og Fjordane. Banken har ein forvaltningskapital på om lag 74 milliardar kroner og nær 280 tilsette i Sogn og Fjordane og Bergen. Banken er det største finansielle fagmiljøet mellom Ålesund og Bergen. Vi støttar næringsutvikling i regionen og bidreg til omstilling til eit meir klimavennleg og berekraftig samfunn.