Kunderådgjevar kundesenter

Kundesenteret si hovudoppgåve er å skape gode kundeopplevingar når kunden tar kontakt på telefon, chat eller e-post.
Avdelinga er i stadig utvikling og endring, og vi har ledig stilling som kunderådgjevar. Kommuniserer du tydeleg, er engasjert, motivert, samt trivst med kundekontakt? Då bør du søkje jobb hos oss!
Vi ser etter deg som ser kundane våre. Du kartlegg behova deira og finn dei riktige løysingane for dei. Som kollega er du ein lagspelar, men du har også driv og engasjement i sjølvstendig arbeid. Du utfordrar oss med nye idear og nye måtar å løyse kundebehov på. Du har relevant utdanning, eller erfaring frå liknande arbeid som kan vege opp for kravet til utdanning.
Arbeidsoppgåver:
  • Sørge for at kundane våre får hjelp i første kontakt med banken
  • Vere ein bidragsytar i arbeidet med å tilby gode løysingar for bank og kunde
  • Ha ansvar for oppfølging av kundar og utvikling av mål og servicegrad
  • Ha fokus på effektivisering og automatisering av interne prosessar i tett samarbeid med forretningsutvikling og lokalkontora våre
Som arbeidsgjevar tek vi godt vare på våre tilsette. Noko av det vi kan tilby er fleksibel arbeidstid, hybrid kontorløysing, redusert arbeidstid frå mai til august, medeigarskap i bedrifta gjennom tildeling av eigenkapitalbevis, gode pensjons- og forsikringsordningar og ei spennande stilling med moglegheit for personleg utvikling i ein innovativ og framtidsretta bank. Hos oss får du eit triveleg arbeidsmiljø med kompetente kollegaer som vil ta godt i mot deg.
Her er det korte vegar til avgjersler, vi hjelper kvarandre med å lukkast og det er rom for å vere seg sjølv
Arbeidsstad: Førde
Om du har spørsmål til stillinga kan du kontakte leiar kundesenter, Stine Austreim Hermansen på tlf 959 26 027.

Fakta om stillinga

Søknadsfrist
21.04.2024
Kontorstad
Førde
Kontakt
Leiar kundesenter, Stine Austreim Hermansen, tlf 959 26 027
Søk på stillinga
Sparebanken Sogn og Fjordane er den niande største sparebanken i landet og har nær 50 prosent av marknaden i Sogn og Fjordane. Banken har ein forvaltningskapital på om lag 74 milliardar kroner og nær 280 tilsette i Sogn og Fjordane og Bergen. Banken er det største finansielle fagmiljøet mellom Ålesund og Bergen. Vi støttar næringsutvikling i regionen og bidreg til omstilling til eit meir klimavennleg og berekraftig samfunn.