Vi treng sommarvikarar! | SSF

Sommarvikar 2024

Sparebanken Sogn og Fjordane treng sommarvikarar.
Til saman brukar vi kvart år å ha om lag 20 sommarvikarar i banken, og mange synast det er så kjekt at dei kjem igjen fleire år på rad.
I sommar treng vi nye vikarar på avdelingane fellestenester, daglegbank og kundesenter i Førde, og på kontoret vårt på Sandane og i Dale.
Å vere sommarvikar hos den største finansaktøren i Sogn og Fjordane gir deg innblikk i korleis det er å arbeide i næringa vår. Det er også ein sjanse til å vise seg fram for ein spennande arbeidsgjevar med mange ulike fagområde. Vi ser etter deg som har god arbeidskapasitet, som er nysgjerrig og som ønskjer å sette spor hos Sparebanken Sogn og Fjordane.
Som arbeidsgjevar kan vi tilby interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i ein innovativ og framtidsretta bank, med eit godt arbeidsmiljø og eit sterkt fagmiljø.
Hos oss får du eit triveleg arbeidsmiljø med kompetente kollegaer som vil ta godt i mot deg. Her er det korte vegar til avgjerdsler, vi hjelper kvarandre med å lukkast og det er rom for å vere seg sjølv.
Har du spørsmål? Ta kontakt med fagansvarleg HR, Lillian Loen på e-post lillian.loen@ssf.no.
Vi ser fram til å høyre frå deg!

Fakta om stillinga

Søknadsfrist
20.02.24

Kontorstad
Førde, Sandane eller Dale

Kontakt
Fagansvarleg HR, Lillian Loen, e-post lillian.loen@ssf.no
Søk på stillinga
Sparebanken Sogn og Fjordane er den niande største sparebanken i landet og har nær 50 prosent av marknaden i Sogn og Fjordane. Banken har ein forvaltningskapital på om lag 74 milliardar kroner og nær 290 tilsette i Sogn og Fjordane og Bergen. Banken er det største finansielle fagmiljøet mellom Ålesund og Bergen. Vi støttar næringsutvikling i regionen og bidreg til omstilling til eit meir klimavennleg og berekraftig samfunn.