STOR GJENG OG STOR GÅVE: Under familiedag-arrangementet hos Sunnfjord Golfklubb vart golfklubben tildelt ei gåve på 300 000 kroner.
Publisert 17. juni 2024

Vart overraska med stor gåve på familiedagen

– 300 000 kroner er mykje for ein golfklubb som oss. Vi set stor pris på dette, seier Magne Stubhaug, styreleiar i Sunnfjord Golfklubb.
I samarbeid med Sunnfjord Golfklubb arrangerte Sparebanken Sogn og Fjordane «Open familiedag» laurdag. Både store og små fekk prøve seg på kjekke golf-aktivitetar og konkurransar, og det var gratis pølse, vaflar og is til alle.
Ein perfekt dag, konkluderer styreleiar Magne Stubhaug.
– For oss var dette heilt supert, og når vi får ei sånn gåve i tillegg, så er det perfekt, seier han.
(Artikkelen held fram under.)
MANGE: Sunnfjord Golfklubb har 500 medlemmer, og om lag 70 av dei er ungdommar.

Skal få seg robot-ballhentar

Gåva han siktar til var sjekken som banksjef i Sunnfjord, Lars Solnørdal, drog fram på slutten av arrangementet. Dagen blei avslutta med loddtrekning der golfklubben delte ut fine premiar til heldige vinnarar og at golfklubben fekk 300 000 kroner i gåve av Sparebanken Sogn og Fjordane
– Vi er veldig imponert over den dugnadsinnsatsen som vert lagt ned her hos golfklubben, og anlegget her blir berre betre og betre. Gåva dei får no skal vere med å utvikle klubben og anlegget endå meir, og det er veldig fortent, seier Solnørdal.
Styreleiar Stubhaug seier at om lag 250 000 ballar har blitt slått ut på treningsbana til no i år, og dagleg må ein «oppsamlar-bil» samle inn ballane. Gåva dei no får skal mellom anna vere med å finansiere ein robot som samlar inn automatisk. Det er også sett av pengar til robotklippar.
– For nokre år sidan kunne ein plukke ballar kvar andre- eller tredje dag, men no går fleire timar kvar dag til dette. Med ein robot blir dette automatisert med at den samlar opp ballane, slepp dei ned i ei trakt og deretter vert automaten fylt opp, forklarer Stubhaug.
(Artikkelen held fram under.)
GÅVE: Her tar Magne Stubhaug imot gåve frå Lars Solnørdal og banken.

Stor medlemsauke

Grunnen til dette er sjølvsagt positiv, for aktiviteten hos golfklubben som held til på Vassenden har berre auka og auka siste åra.
– Dei siste fire åra har vi gått frå 300 til 500 medlemmer. På ein vanleg dag er det 80-100 personar som spelar på kvardagar, medan i helgane er det rundt 140, seier Stubhaug.
Noko som er ekstra kjekt er at dei siste åra har det vore god rekruttering blant unge.
– Vi har omtrent 70 registrerte juniorar, og om lag det same talet blant studentar i Førde. Det er veldig bra!
POPULÆR: Simulatoren til golfklubben har gjort at ein kan spele golf året rundt!
GOD STEMNING: Familiedagen vart avslutta med at mange heldige fekk fine premiar frå golfklubben.

Kristian Helle

kommunikasjonsrådgjevar476 28 251kristian.helle@ssf.no

Siste frå meirennbank.no

– Dette er viktig å ta vare på

Singerheimen i Olden er ein nasjonal kulturskatt. Måndag dukka banksjef Odd Kjetil Tonning med ein gåvesjekk på 400 000 kroner til restaureringsarbeidet til dei grøne bygningane på Dalheim.

Les heile saka
– Dette er viktig å ta vare på22. oktober 2024
25 bygdehus i Sogn og Fjordane fekk pengar18. oktober 2024
1 million kroner til «Lys i bygda»16. oktober 2024
– No kan vi invitere spelarane til optimale tilhøve14. oktober 2024