OPNA: Frammøtet var godt då Hyllestad-ordførar Kjell Eide stod for den offisielle snorklippinga i Hamneparken.
Publisert 18. juni 2024

Har fått 400 000 kroner – no er Hamneparken opna

Laurdag opna Hamnehagen aktivitetsområde i Sørbøvåg med snorklipping, talar og trillebåre-køyring. – Vi er sikre på at dette nærmiljøanlegget vil bli mykje brukt, seier Jostein Ryland.
Jostein Ryland som leiar i Hamneparken-gruppa og Karin Tonning Hatløy som leiar i Øen grendalag kunne begge ønske velkommen til den første opninga av Hamneparken. Dette nærmiljøanlegget ligg like ved Øen kyrkje midt i Sørbøvåg, og har ei strategisk plassering ned mot Åfjorden.
– Allereie i 2016 starta vi så smått opp arbeidet med dette området, men det er først og fremst dei siste åra arbeidet har skote fart. Ikkje minst gjennom styringsgruppa i Liv- og Lyst-prosjektet. Kommunen regulerte området her for om lag 20 år sidan, og når vi no endeleg ser på dette området som eit nærmiljøanlegg, så kan vi utvide og utvikle det gradvis, sa Jostein Ryland.
– I dag skal vi opne turvegen, og vi har samstundes teke i bruk både ballbana av grus, bordtennis-bord og badeplass. Vi har også reist ei grillhytte, som folk kan ta turen innom. Og så kjem vi vidare til å jobbe med til dømes ein buldrevegg, bocciabane, sandkasse og kanskje det kjem badstue også, sa Ryland engasjert.
IDYLLISK: Hamneparken ligg nydeleg til ved Åfjorden, og den nye grillhytta vil venteleg bli mykje nytta.

I veggen

Hyllestad-ordførar Kjell Eide understreka også dugnadsarbeidet i sin tale:
– Den frivilligheita vi har registrert her er unik. Dette er eit fantastisk prosjekt som heile bygda står opp for, og som viser stadig utvikling. Tenk berre på dei gamle inne på Eikelund sjukeheim. No har dei ikkje berre veggen på Øen kyrkje å sjå på. No kan dei sjå på eit yrande liv i Hamneparken også, sa Hyllestad-ordføraren humoristisk og fekk dei vel 100 frammøtte til å dra på smilebandet i regnvêret.
Forutan den kommunale støtta, vart også eigarstiftinga til Sparebanken Sogn og Fjordane, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, trekt fram som ein særs viktig bidragsytar økonomisk gjennom prosjektet. Noko også banksjefen i regionen, Torunn Mattson, understreka.
– Totalt har stiftinga bidrege med 400 000 kroner til dette prosjektet berre i år, og vi er sjølvsagt positive til nye søknadar. Som vi reknar med vil komme. Og kor mange hengekøyer var det snakk om som var ønska oppe ved grillhytta, spurte Mattson til dugnadsgjengen og gav direkte svar på at det var berre å gå til innkjøp av desse med ein gong. Som ei ekstragåve frå banken!
GÅVE: 400 000 kroner er summen Hamneparken har fått frå bankoverskotet i år. Frå venstre: Jostein Ryland, Kjell Eide, Karin Tonning Hatløy, Torunn Mattson og Turid Skivenesvåg.

Trivsel og bulyst

– Vi ser at dette nærmiljøanlegget er viktig for trivsel og bulyst i området. Det appellerer til alle aldersgrupper og vil ha eit variert bruksområde. Dessutan er det etablert på dugnad av frivillige, og det betyr at lokalbefolkninga får eit eigarskap til anlegget. Dette er noko vi verkeleg applauderer, sa Torunn Mattson og kunne overrekke det synlege beviset med ein sjekk på 400 000 kroner ved årets tildeling. Saman med Mattson var også kunderådgjevar Turid Skivenesvåg ved Dale-kontoret med på opninga av turvegen i Hamneparken.
Pengane kjem frå overskotet i Sparebanken Sogn og Fjordane, og det er Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane som forvaltar dette overskotet.
Etter den offisielle opninga var det konkurransar med trillebår-løp rundt turvegen og omvisning i Hamnestova grillehytte.
– Og vi har ikkje tenkt å stoppe med dette. Det er planar om både molo og bru over til Sørbø-holmen, zipline, hesteskobane, servicebygg og skatepark. Berre for å nemne nokre idear som har komme i det siste, sa Jostein Ryland medan sola var i ferd med å vinne kampen mot regnbyene frå vest. Og folk kosa seg med kake, kaffi og gratis is.
LØP: Banksjef Torunn Mattson silte også opp i trillebår-løpet på den nye turvegen.

Stig Roger Eide

frilans

Siste frå meirennbank.no

– Dette er viktig å ta vare på

Singerheimen i Olden er ein nasjonal kulturskatt. Måndag dukka banksjef Odd Kjetil Tonning med ein gåvesjekk på 400 000 kroner til restaureringsarbeidet til dei grøne bygningane på Dalheim.

Les heile saka
– Dette er viktig å ta vare på22. oktober 2024
25 bygdehus i Sogn og Fjordane fekk pengar18. oktober 2024
1 million kroner til «Lys i bygda»16. oktober 2024
– No kan vi invitere spelarane til optimale tilhøve14. oktober 2024