DOBBEL GÅVE: Harpefossen Skisenter er tildelt 500 000 kroner, medan skipatruljen i det same skisenteret får 60 000 kroner. Frå venstre: Anders Engeland (Harpefossen), Vidar Haugland (Harpefossen), Tore Kroken Karlsen (Skipatruljen), Ørjan Skåden (Sparebanken Sogn og Fjordane), Jarle Åsebø (Harpefossen), Yngve Thorsen (Sparebankstiftiga Sogn og Fjordane), Ann-Serine Hagen (Sparebanken Sogn og Fjordane) og Svein Petter Starheim (Sparebanken Sogn og Fjordane).
Publisert 27. juni 2024

Ein halv million til Harpefossen Skisenter

– Då eg fekk pengegåva måtte eg finne fram brillene. Det måtte vere meir enn 5000 kroner, og eg måtte telje nullane!
Det seier ein glisande Vidar Haugland, som er dagleg leiar ved Harpefossen Skisenter. Og han har heilt rett. Det er ikkje 5000 kroner skisenteret har fått i gåve, men 500 000.
– Dette er berre heilt fantastisk, og vi er svært takksame, seier Haugland.
Den halve millionen får dei av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og pengane kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane.
– Det at Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane ser oss på ein slik måte, betyr mykje. Og desse pengane skal gå til å vidareutvikle anlegget. Vi skal rehabilitere den eine fjellheisen, vi skal ha LED-lys, planering av nedfart og ikkje minst utbetre snøproduksjonsanlegget vårt, seier Haugland og ser smilet breie seg hos dei andre styrerepresentantane som også har teke turen til utdelinga.
Vidar Haugland

– Eit regionalt skiparadis

Gåveutdelinga fann stad i Harpefossen Skisenter, like utanfor Nordfjordeid, og dit tok Ørjan Skåden, Svein Petter Starheim, Ann-Serine Hagen og Yngve Thorsen turen. Dei tre første jobbar i Sparebanken Sogn og Fjordane, medan sistnemnde er leiar for gåve i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.
– Harpefossen er eit regionalt skiparadis. Verken meir eller mindre. Det er viktig at anlegget får økonomiske rammer til å vidareutvikle seg til det beste for området her. Derfor er vi svært glade for at vi med denne gåva kan vere med på å sikre at anlegget blir oppgradert med tidsriktig lys, snøproduksjonsanlegg og utbetra heis. Dessutan ser vi fram til å høyre om fleire av dei planane skisenteret har, sa Thorsen før heile delegasjon tok ei synfaring på Furuhaugane, som er den nyare delen av Harpefossen og ligg høgt over Hjelmelandsdalen. Startpunktet for heisen her er nesten 500 moh.
I tillegg til gåva på 500 000 kroner, fekk også Skipatruljen, som er ansvarleg for tryggleiken ved skisenteret, ei gåve på 60 000 kroner.

Stor dugnadsinnsats

– Arbeidet vi har planar om her oppe har eit budsjett på knappe tre millionar kroner. Vi er førespegla spelemidlar i 2025, og denne halve millionen går inn som del av eigenkapitalen vår. Dermed er målet at dette arbeidet skal vere ferdig i 2026, seier den daglege leiaren og rosar dei frivillige som alltid stiller opp.
– Når det er full drift ved anlegget så har vi omtrent 20 personar i arbeid. Dette er dugnadsinnsats. Totalt har vi estimert dugnadsinnsatsen til om lag åtte millionar kroner årleg. I fjor hadde vi dessverre eit litt svakt år med berre 65 opningsdagar. Året før var det oppe i 82 dagar. Totalt hadde vi i fjor 17 000 besøkande i skisenteret, fortel Haugland og viser til at eigarane Haugen idrettslag, Stårheim idrettslag og Harpefossen hyttegrend jobbar godt saman og vil vidareutvikle det viktigaste skisenteret i Nordfjord.
– I tillegg til barn og unge, så har vi tilbod til dei fleste andre. Både når det gjeld nedover- og bortoverski. Og vi utviklar stadig tilbodet vårt. Og det er nok å nemne at kjende utøvarar som Andrine Mårstøl (alpin), Johan Olav Smørdal Botn (skiskyting) og Trym Dalset Lødøen (randonee) har lagt sitt sportslege grunnlag her. Og dette er utøvarar vi garantert til å høyre mykje meir om i framtida, seier Haugland.

Stig Roger Eide

frilans

Siste frå meirennbank.no

Positiv inflasjonsutvikling – kva betyr det for deg?

Onsdag vart inflasjonstala for juni presentert. – Dette er gode nyheiter, seier Arne Sæterbakken, leiar for finans i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Les heile saka
Positiv inflasjonsutvikling – kva betyr det for deg?10. juli 2024
Ørjan takkar lokalfolket – no kjem dei i mål!2. juli 2024
– No får vi eit komplett anlegg1. juli 2024
Førdefestivalen med djupe røter25. juni 2024