Tilsette investerte 9 millionar i Sparebanken Sogn og Fjordane

Heile 230 tilsette investerte i eigenkapitalbevis og investerte over 9 millionar i eigen arbeidsplass. Dette er andre året spareprogrammet til banken blir gjennomført.
– Det er gledeleg å sjå at våre tilsette ønskjer å investere i arbeidsplassen sin. Det er ei solid oppslutning, og det tolkar eg som at dei har tillit til banken og utsiktene vidare, noko eg er svært glad for, seier administrerande direktør Trond Teigene.
Det var i første kvartal 2022 Sparebanken Sogn og Fjordane starta spareprogrammet i eigenkapitalbevis for dei tilsette, der dei gav alle ein oppstartspakke til ein samla verdi av 20.000 kroner.
– Vi gjorde dette fordi vi vil at alle fast tilsette hos oss skal vere eigarar i sin eigen arbeidsplass. Vi hadde hatt ei ordning med sal av eigenkapitalbevis til tilsette i nokre år allereie, men såg at ein del tilsette ikkje tok medeigar-steget. Derfor tildelte vi EK-bevis til alle tilsette som ei grunninvestering for å sette eit startskot for spareprogrammet for alle. Alle nytilsette framover får tilsvarande pakke når dei startar i banken, og i 2023 er det 35 nytilsette som vert innrullert i ordninga. Slik sikrar vi at alle er med, fortel Teigene.