Over 1 milliard i utlånsvekst til privatkundar

Sparebanken Sogn og Fjordane med utlånsmilepæl i andre kvartal.
Sparebanken Sogn og Fjordane har i over 20 år hatt fokus på kundevekst også utanfor kjerneområdet Sogn og Fjordane. Per i dag er heile 45 prosent av utlåna innanfor privatmarknaden til kundar utanfor gamlefylket.
– I dette kvartalet når vi 1 milliard i netto utlånsvekst til privatkundar. Dette er ein milepæl for oss, for det er første gang vi passerer milliarden på privatmarknaden i eit kvartal. 8 av 10 nye kundar er busett utanfor Sogn og Fjordane. Vi er stolte over at også kundar utan relasjon til Sogn og Fjordane vel oss, rett og slett fordi dei syns vi leverer gode bankprodukt og den beste rådgjevinga, fortel administrerande direktør Trond Teigene.

Solid bedriftsmarknad

Dei siste 12 månadene har utlån til privatmarknaden gitt god vekst med 7,3 prosent og utlån til bedriftsmarknaden (inkl. utlån til offentleg og finansiell sektor) har auka med 3,8 prosent. Samstundes har innskotsveksten frå bedriftsmarknaden vore på heile 17,3 prosent.
– Vi ser at bedriftene i Sogn og Fjordane klarer seg godt, sjølv om prisauke og utfordringar med vareleveransarer er krevjande for enkelte bedrifter. At utlånsveksten no tar seg opp etter pandemien er eit teikn på investeringslyst og nysatsing, seier Teigene.

2. kvartalstala oppsummert 

Kvartalstala banken publiserte torsdag viser eit resultat før skatt på 188 millionar kroner, mot 208 millionar kroner for same kvartal i fjor.
– Vi er godt nøgd med resultatet. Nedgangen frå i fjor skuldast i hovudsak lågare resultat på finansielle postar. Det er elles fin framgang i netto renteinntekter og i provisjonsinntektene, fortel Teigene.
Resultatet for 2. kvartal i år gir ei eigenkapitalavkastning på 9,8 prosent mot 12,7 prosent for same periode i fjor.
– Netto renteinntekter er på 268 millionar kroner og er 37 millionar kroner, eller 15,9 prosent betre enn for same kvartal i fjor. Utlånsveksten dei siste 12 månadene er på 6,5 prosent, og innskota har samtidig auka med 10,3 prosent, seier Teigene.
Hovudlinjer pr. 2. kvartal 2022 hittil i år (Tal i parentes er same periode i fjor):
  • Netto renteinntekter 525 mill. kr (459 mill. kr)
  • Resultat finansielle instrument 18 mill. kr (74 mill. kr)
  • Driftskostnader 242 mill. kr (243 mill. kr)
  • Tap på utlån 4 mill. kr (0 mill. kr)
  • Totalresultat 290 mill. kr (294 mill. kr)
  • Eigenkapitalavkastning 9,8 % (10,9 %)
Hovudlinjer 2. kvartal (Tal i parentes er same kvartal i fjor):
  • Netto renteinntekter 268 mill. kr (231 mill. kr)
  • Resultat finansielle instrument -11 mill. kr (60 mill. kr)
  • Driftskostnader 125 mill. kr (113 mill. kr)
  • Tilbakeføring/inntektsføring tap på utlån 13 mill. kr (tap 9 mill. kr)
  • Resultat etter skatt 143 mill. kr (171 mill. kr)
  • Eigenkapitalavkastning 9,8 % (12,7 %)
  • Kapitaldekningsprosent 20,0 % (18,7 %)
For meir informasjon, kontakt:
Adm. direktør Trond Teigene, trond.teigene@ssf.no, 90825086
Finans- og økonomidirektør Frode Vasseth, frode.vasseth@ssf.no, 95198452