Solid resultat for Sparebanken Sogn og Fjordane

Sparebanken Sogn og Fjordane har eit resultat på 345 millionar kroner før skatt i 2. kvartal.
Det viser kvartalsrapporten som banken offentleggjorde tysdag. Kvartalsresultatet gir ei eigenkapitalavkastning på 17,3 prosent mot 9,8 prosent i 2. kvartal i fjor.
Administrerande direktør Trond Teigene peikar på fleire ting som har bidrege til dette.
– Veksten vår er høgare enn den generelle kredittveksten, noko som betyr at vi er konkurransedyktige og tek marknadsdelar. Framgangen i resultatet skuldast og eit godt resultat frå finansielle instrument, god kostnadskontroll, vekst i netto renteinntekter, i tillegg til vekst i andre driftsinntekter, seier Trond Teigene.
 Samla utlånsvekst på privat og bedriftsmarknad dei siste 12 månadene er på 6,0 prosent og innskota har auka med 6,4 prosent.

Klar for alliansesamarbeid

– Utsiktene for kundane våre, både på privat- og bedriftsmarknad har blitt meir usikre det siste året grunna sterk renteoppgang og høg generell prisstigning. Kundane våre har eit bra utgangspunkt for å takle auka renter og høgare prisar. Det er låg arbeidsløyse og nivået på misleghaldne lån er lågt. Vi er budde på at enkelte kundar kan få utfordringar, som følgje av høgare kostnadsnivå, og vi oppfordrar alle som kjenner på usikkerheit til å kontakte rådgjevaren sin, seier Teigene.
I vår blei det kjent at Sparebanken Sogn og Fjordane har kjøpt seg inn i SpareBank 1-alliansen.
– Det er ei spennande tid for organisasjonen, og vi ser fram til å vere ein del av eit nettverk med sjølvstendige sparebankar over heile landet. Vi ser for oss at vi blir Sparebank1 Sogn og Fjordane i løpet av 2024, seier han.

Hovudlinjer pr. 2. kvartal 2023 isolert (tal frå fjoråret i parantes)

• Netto renteinntekter 356 mill. kr (268 mill. kr)
• Resultat finansielle instrument 60 mill. kr (-11 mill. kr)
• Driftskostnader 128 mill. kr (125 mill. kr)
• Tilbakeført tap på utlån 11 mill. kr
(tilbakeført tap på 13 mill. kr)
• Resultat før skatt 345 mill. kr (188 mill. kr)
• Resultat etter skatt 270 mill. kr (143 mill. kr)
• Eigenkapitalavkastning etter skatt 17,3 % (9,8 %)
• Kapitaldekningsprosent 20,4 % (20,0 %)

Hovudlinjer pr. 2. kvartal 2023 hittil i år

• Netto renteinntekter 706 mill. kr (525 mill. kr)
• Resultat finansielle instrument 74 mill. kr (18 mill. kr)
• Driftskostnader 255 mill. kr (242 mill. kr)
• Tilbakeført tap på utlån 16 mill. kr (tap 4 mill. kr)
• Resultat etter skatt 479 mill. kr (290 mill. kr)
• Eigenkapitalavkastning 15,2 % (9,8 %)
For meir informasjon, kontakt:
Adm. direktør Trond Teigene, trond.teigene@ssf.no, 90825086
Finans- og økonomidirektør Frode Vasseth, frode.vasseth@ssf.no, 95198452