Flyttar til nye lokale på Sandane – men berre for ein periode

Bankbygget på Sandane skal pussast opp, som betyr at Sparebanken Sogn og Fjordane flyttar ut for nokre månader. Fram til nyåret 2023 held dei til i det gamle lensmannskontoret.
– Flyttinga startar den siste veka i august, og akkurat dei dagane blir det dessverre litt mindre tilgang på rådgjevarane våre og andre banktenester. Frå tysdag 6. september kan kundane treffe oss igjen som vanleg, seier Odd Kjetil Tonning, Sparebanken Sogn og Fjordane sin banksjef for privatmarknad i Nordfjord.
Banken flyttar til 2. etasje i Nordstrandsvegen 6, i lokala der lensmannskontoret var tidlegare. Der blir dei til nyåret 2023 medan bankbygget ved Heradsplassen vert pussa opp.

Tilbake i 2023

Bankbygg Sandane AS kjøpte nyleg bankbygget på Sandane, og som ein del av avtalen inngjekk Sparebanken Sogn og Fjordane ei 10 år lang leigekontrakt. Når bygget er ferdigoppussa skal banken disponere 1. etasje som i dag.
– Vi ser veldig fram til å flytte inn igjen i nyoppussa og flotte lokale i bankbygget når vi kjem til 2023, men sjølv om vi i tida framover blir å treffe ein annan plass, skal kundane få den hjelpa dei er vande med, seier Tonning.
Opningstidene i kundemottaket ved gamle lensmannskontoret er tysdag til torsdag frå klokka 10 til 14.
– Kundane kan sjølvsagt avtale møter direkte med kunderådgjevar utanom desse opningstidene. Hos kundesenteret vårt er det også veldig god hjelp å få, og dei kan ein nå både på telefon, e-post og chat, fortel han.

Flytting av automat

Når det gjeld innskots- og uttaktsautomaten som er i bankbygget i dag, vil det bli flytta til Coop Extra-bygget i Grandavegen rett ved sidan av banken.
– Frå 1. september vil ein kunne setje inn og ta ut pengar i den nye automaten. Om ein har behov myntrullar, for eksempel til arrangement, må desse bestillast på førehand. Då er det berre å ta kontakt med oss, seier banksjefen.