Solide tal for Sparebanken Sogn og Fjordane

Sparebanken Sogn og Fjordane med eit resultat på 225 millionar kroner før skatt.
Kvartalstala for Sparebanken Sogn og Fjordane vart offentleggjort torsdag. Resultatet før skatt er på 225 mill. kr, mot 185 mill. kr for same kvartal i 2022.
– Resultatframgangen skuldast god vekst i netto renteinntekter og i provisjonsinntektene til banken. Samtidig er det negativt resultat frå finansielle instrument, auka driftskostnader og høgare tap på utlån dette kvartalet samanlikna med tilsvarande kvartal i fjor, fortel administrerande direktør Trond Teigene.
Resultatet etter skatt for 3. kvartal er på 166 mill. kr, mot 143 mill. kr for same kvartal i fjor. Resultatet for 3. kvartal i år gir ei eigenkapitalavkastning på 10,2 %, mot 9,6 % for same kvartal i 2022.

På veg til å bli SpareBank 1-bank

Banken kunngjorde i april 2023 at det er inngått avtale om eit strategisk banksamarbeid med SpareBank 1-alliansen. Alliansen består av 14 sjølvstendige sparebankar over heile landet, som samarbeidar om tekniske løysingar og kompetansedeling.
– Vi ser at vi ved å samarbeide tryggar samfunnsoppdraget, å vere ei finansieringskjelde for næringslivet i Sogn og Fjordane og ei drivkraft for lokalsamfunnet vårt, i eit langsiktig perspektiv, seier Teigene.
Banken trer etter planen inn i SpareBank 1-alliansen i løpet av 2024.
– Prosjektet med konvertering og tilpassing til SpareBank 1-alliansen vart starta opp i slutten av august 2023. Den endelege konverteringa avhenger av mange faktorar, så vi har ikkje ein nøyaktig dato enno, men vi styrer etter siste halvdel av 2024, seier Teigene.
Enn så lenge treng ikkje kundane til banken å tenke på overgangen.
– Kundane våre vil oppleve at vi er same gjengen, og akkurat like lokale som før. Etter kvart vil dei få nye tekniske løysingar og nye kort, men vi er svært opptatt av å sikre at overgangen blir saumlaus og god for kundane våre når den tid kjem, seier han.

Renteauke frå Norges bank

Dei siste åra har Norges bank sett opp rentene 13 gongar.
– Norges bank gjer dette for å bremse økonomien og gjennom dette redusere prisveksten. Dei varslar ei mogleg ny auke i desember. Vi ser at kundane våre hittil tolar både renteoppgongen og den generelle prisveksten godt, men det er sjølvsagt unntak, og er nokon uroa for sin privatøkonomi håpar eg dei kontaktar oss. Det er viktig at ein tar tak i økonomien sin før problema vert for store, seier Teigene.

Hovudlinjer pr. 3. kvartal 2023 isolert (Fjorårets tal i parantes)

• Netto renteinntekter 379 mill. kr (291 mill. kr)
• Resultat finansielle instrument -29 mill. kr (-18 mill. kr)
• Driftskostnader 141 mill. kr (128 mill. kr)
• Tap på utlån 30 mill. kr (2 mill. kr)
• Resultat før skatt 225 mill. kr (185 mill. kr)
• Resultat etter skatt 166 mill. kr (143 mill. kr)
• Eigenkapitalavkastning etter skatt 10,2 % (9,6 %)

Hovudlinjer pr. 3. kvartal 2023 hittil i år (Fjorårets tal i parantes)

• Netto renteinntekter 1.085 mill. kr (816 mill. kr)
• Resultat finansielle instrument 45 mill. kr (0 mill. kr)
• Driftskostnader 396 mill. kr (371 mill. kr)
• Tap på utlån 14 mill. kr (6 mill. kr)
• Resultat etter skatt 646 mill. kr (433 mill. kr)
• Eigenkapitalavkastning 13,7 % (9,8 %)
• Kapitaldekningsprosent 20,3 % (19,6 %)
Kontaktinformasjon:
Adm. direktør Trond Teigene: 90825086, trond.teigene@ssf.no

Finans- og økonomidirektør Frode Vasseth: 95198452, frode.vasseth@ssf.no