– Næringslivet og banken står seg godt 

Torsdag offentleggjorde Sparebanken Sogn og Fjordane resultatet sitt for fjerde kvartal.
  – Hovudinntrykket vårt er at næringslivet framleis klarer seg godt, seier administrerande direktør Trond Teigene.
Sparebanken Sogn og Fjordane har 6 av 10 aksjeselskap i Sogn og Fjordane som næringslivskundar, og er tett på bedriftsmarknaden i regionen. 
– Inntrykket vårt er at den største delen av næringslivet i Sogn og Fjordane så langt har klart seg godt gjennom pandemien. I Sogn og Fjordane er det spesielt reiselivsbransjen som er hardt råka, men også andre bransjar merkar konsekvensar av korona og nedgangen i verdsøkonomien. Vi følgjer utviklinga og er i tett dialog med kundane som er råka av situasjonen, fortel administrerande direktør Trond Teigene.
Banken har per fjerde kvartal 2020 innvilga 146 mill. kr i statsgaranterte lån til bedriftsmarknaden i Sogn og Fjordane. I mai var tal avdragsfritak til næringslivet nær tredobla, men det har gått jamt nedover.
– Støtteordningar frå staten gjennom statsgaranterte lån og kontantstøtte, reduserer dei negative konsekvensane for næringslivet, men soliditeten og likviditeten er svekka i mange bedrifter og dei langsiktige effektane av pandemien vil kunne følgje næringslivet i fleire år, seier han. 

Annleisåret endra privatøkonomien

Også på privatmarknaden har banken sett ei auke på avdragsfritak i 2020, men talet har gått jamt nedover etter toppen i mai. På slutten av året var talet nesten på same nivå som før nedstenginga i mars. Lånekundane som ikkje er råka av arbeidsløyse og permitteringar har fått betre råd.
– Vi ser at personkundane våre i snitt har fått 1800 kroner meir å leve for i månaden grunna lågare renter. Fleire har begynt å spare i fond, og spesielt kvinnene har fått augene opp for denne type sparing. Dei har dobla fondssparinga si i 2020, fortel Teigene.

Sterk vekst og tilfredsstillande resultat

Totalresultatet for året er på 457 millionar kroner i 2020 mot 553 millionar kroner for 2019. 
– Resultatet for 2020 er svakare enn for 2019, og det skuldast primært høgare avsetning til tap på utlån og lågare inntekter grunna korona. Sett i lys av utfordringane i året som gjekk, så er dette eit tilfredsstillande resultat, seier Teigene.
Totalresultatet gir ei eigenkapitalavkastning for 2020 på 9,1 %. Utlånsveksten dei siste 12 månadene er på 7,4 %, og innskota har auka med 7,2 %. Samla kostnadar er redusert med 3,1% gjennom året, og banken er i ferd med å gjennomføre ein rekke tiltak for å sikre tilstrekkeleg kostnadseffektivitet framover. Dette inkluderer også ei nedbemanning av om lag 20 årsverk i løpet av 2021.
– Sterk vekst i utlåna på 6,9 % på privatmarknaden og heile 9,1 % på bedriftsmarknaden, gjer at banken har styrka sin marknadsposisjon gjennom 2020. Dette har bidratt til positiv utvikling i netto renteinntekter isolert sett, men press på marginar gjer at rentenettoen er under press og inntektene er framleis under nivået frå før koronapandemien, seier han.

HOVUDLINJER 4. KVARTAL 2020 ISOLERT (2019 i parantes)

• Netto renteinntekter 233 mill. kr (248 mill. kr)
• Resultat finansielle instrument 27 mill. kr (53 mill. kr)
• Driftskostnader 127 mill. kr (132 mill. kr)
• Tap på utlån inntektsført 1 mill. kr (22 mill. kr)
• Totalresultat 133 mill. kr (162 mill. kr)
• Eigenkapitalavkastning 10,1 % p.a. (13,3 % p.a.)

HOVUDLINJER PR. 4. KVARTAL 2020 (FOR ÅRET 2019 i parantes)

• Netto renteinntekter 907 mill. kr (938 mill. kr)
• Resultat finansielle instrument 114 mill. kr (147 mill. kr)
• Driftskostnader 477 mill. kr (492 mill. kr)
• Tap på utlån 112 mill. kr (40 mill. kr)
• Totalresultat 457 mill. kr (553 mill. kr)
• Eigenkapitalavkastning 9,1 % (11,9 %)
• Kapitaldekningsprosent 18,9 % (19,5 %)

For meir informasjon, kontakt: 

Trond Teigene, adm. direktør, trond.teigene@ssf.no, 908 25 086
Frode Vasseth, finans og økonomidirektør, frode.vasseth@ssf.no, 951 98 452