Ringer «banken» deg? Då må du vere på vakt

Sparebanken Sogn og Fjordane opplever for tida auka pågang av falske oppringingar til kundane.
– Svindlarar finn stadig nye måtar dei ønskjer å lure kundane på. I det siste har kundar blitt oppringt frå det som tilsynelatande er nummeret vårt. Svindlarane ønskjer å få kunden til å oppgi BankID, Vipps-informasjon, passord og aktiveringskodar. Slik informasjon må ein aldri gi frå seg. Vi i banken ville aldri bedt kundar oppgi dette, så dei kan vere heilt sikre på at dette ikkje er oss, seier leiar for marknad og kommunikasjon, Johanne Viken Sandnes.
Andre typiske svindelforsøk banken ser er svindel via mail og SMS.
– Slike meldingar kan til dømes vere at du blir bedt om å stadfeste innlogging i nettbanken eller betalingar med BankID på mobil, ofte med ein link til ei falsk nettside der dei prøver å få tak i BankID-passordet ditt. Her må ein igjen hugse mantraet: Ikkje gje frå deg kodar og passord. Slett meldinga og mailen, fortel ho.
Banken sine råd for å unngå å bli svindla:
  • Ikkje gi frå deg sensitiv informasjon. Banken din vil aldri be deg om sensitiv informasjon, som passord, brukarnamn eller kortinformasjon eller BankID. Du skal aldri dele passorda dine med nokon. Ikkje eingong med dei du kjenner!
  • Blir du oppringt på telefonen og er usikker på om samtalen er legitim, så kan du avslutte samtalen og ringe oss på telefon 57 82 97 00. Du kan også kontakte oss på chat når du er innlogga inn i nettbanken.
  • Fått e-post om uteståande betaling på ei levering? Sjekk avsendar på e-posten, og slett e-posten med mindre det er noko du faktisk kjenner til.
  • Stol aldri blindt på innhald i meldingar eller e-postar, sjølv om det ser ut til å kome frå banken din, eller nokon du stolar på. Ikkje klikk på mistenkelege lenker du mottar i meldingar.
  • Dersom språket og innhaldet i meldinga er rart formulert, bør du bli mistenksam. Ver ekstra på vakt viss avsendaren har eit utanlandsk telefonnummer.
  • Ikkje ring tilbake eller svar på tekstmeldinga. Det kan fort koste deg dyrt.