Ho er ny leiar for styret i Sparebanken Sogn og Fjordane

Lise Mari Haugen er vald inn som styreleiar i Sparebanken Sogn og Fjordane.
– Tusen takk til generalforsamlinga for tilliten. Det ligg eit stort ansvar til styreleiarrolla men det er samtidig motiverande å få bidra inn i ein svært viktig motor for regionen vår. Som styreleiar i Sparebanken Sogn og Fjordane vil eg vidareutvikle det gode samarbeidet mellom administrasjon, styre, generalforsamling og eigarar for å møte visjonen vår om å vere ei drivkraft for Sogn og Fjordane, seier Haugen.
Haugen jobbar som assisterande kommunedirektør i Sunnfjord kommune. Ho har vore styremedlem i banken sidan 2015, og har òg vore styreleiar i eigarstiftinga til banken, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, frå 2015 til 2023.

Tretten år i styret

Haugen sin forgjengar, Sindre Kvalheim, har vore del av styret i banken i tretten år. Han vart vald inn som styremedlem i 2009, ei rolle han hadde fram til 2019 då han vart styreleiar.
Kvalheim har lagt ned ein enorm innsats for banken, seier administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, Trond Teigene:
– Sindre Kvalheim sin kompetanse har vore viktig for banken gjennom ulike fasar i denne perioden, og han har vore ein markant og solid styreleiar dei siste fire åra. Vi har forståing for at han no trekker seg, og vil takke han for innsatsen han har lagt ned for banken. Lise Mari Haugen har lang erfaring i styret og vil bli ein kompetent arvtakar i leiarrolla, som ho kjem til å forme på sin måte.

To nye styremedlem

Kristian Skibenes frå Måløy som blant anna er dagleg leiar i Fjord Marin Invest er vald inn som nytt eksternt styremedlem.
– Skibenes vil tilføre rnæringslivkompetanse og har i tillegg ein variabel bakgrunn som er viktig i styret, seier Teigene.
Camilla Chruickshank Holvik jobbar som hovudtillitsvald i banken. Ho er vald inn som ein av to tilsettrepresentantar i styret, og erstattar Marie Heieren som har vore i styret sidan 2016. Heieren jobbar no på HR, og har tidlegare vore hovudtillitsvald og rådgjevar.
– Heieren var med sin allsidige bakgrunn og kjennskap om banken ein viktig ressurs for styret. Holvik har lang erfaring frå kundesida i banken, og vil komplementere kompetansen i styret på ein god måte, seier Teigene.