Styrker laget i kampen mot økonomisk kriminalitet

Sparebanken Sogn og Fjordane har mange dedikerte tilsette som jobbar for å forhindre økonomisk kriminalitet. Hovudoppgåvene er å oppdage og førebygge kvitvasking og terrorfinansiering, og sikre at personar og selskap ikkje blir lurt.
Økonomisk kriminalitet kan vere alt frå skatteunndraging, svindel, kvitvasking, arbeidslivskriminalitet, skjulte utanlandske kontoar, terror- og narkotikafinansiering. Kvitvasking er å få ulovlege midlar til å sjå ut som dei har eit legitimt opphav og skjule at dei eigentleg kjem frå kriminalitet.

Fleire hundretals milliardar

Økonomisk kriminalitet er eit alvorleg samfunnsproblem og det påfører staten store økonomiske tap. Å hindre eller avgrense slik kriminalitet er svært viktig.
–Velferdsstaten taper store beløp. Pengar som skulle gått til gode helsetenester, barna sin skulegang og eldreomsorg hamnar i staden i hendene på kriminelle, fortel advokat i Sparebanken Sogn og Fjordane, Øystein Sellevold.
Det er store mørketal, men ulike rapportar slår fast at det er snakk om fleire hundretals milliardar i året. Sellevold fortel at det å jobbe med antikvitvasking er eit viktig samfunnsansvar for alle bankar.

Må kjenne kundane

– Vi jobbar med redusere økonomiske tap for samfunnet, kundane og banken, samtidig som vi ønskjer å oppretthalde tilliten til produkta og tenestene våre. For å førebygge og avsløre kvitvasking, er vi nøydd til å kjenne kundane våre, og vi har plikt til å overvake kundane sine transaksjonar. Det betyr at vi risikovurderer alle kundane, innhentar informasjon om kven dei er og korleis dei planlegg å bruke oss som bank. Denne informasjonen blir også jamleg gjennomgått og oppdatert, forklarer Sellevold.
Utfordringa er å skilje dei ulovlege og mistenkelege transaksjonane frå dei lovlege, spesielt sidan dei kriminelle stadig blir dyktigare, meir utspekulerte og kreative. Mange kundar kan nok føle seg uriktig mistenkeleggjort, men Sellevold minner om at bankane treng informasjon om alle kundar og er pliktig å innhente dette.

Variert arbeidsområde og ulik arbeidserfaring

I Sparebanken Sogn og Fjordane jobbar alle tilsette på ulike måtar mot målet om å redusere kriminell verksemd, og vi har ei eiga avdeling for økonomisk kriminalitet med eit særskilt ansvar for dette arbeidet.
– Banken arbeider også for å ta ned risikoen for at våre kundar blir svindla. Om kunden likevel blir svindla ønskjer vi å stoppe eller i verste fall avgrense omfanget av svindelen, seier fagansvarleg HR Lillian Loen, som har hovudansvar for rekruttering i banken.
Arbeidet mot økonomisk kriminalitet er svært viktig for banken. Fagområdet har hatt eit stort ressurspådrag dei siste åra, og banken treng stadig fleire tilsette som ønskjer å bidra i kampen mot dei kriminelle.
– Vi er på jakt etter dei som ser det viktige samfunnsansvaret i dette, har auge for detaljar, trivst med rutineoppgåver og som er god og trygg i kundedialog. Dei som jobbar med dette hos oss har ulik utdanning og arbeidserfaring. Felles er ei analytisk evne og eit ønske om å jobbe for eit rettferdig samfunn, fortel ho.