Roger - bransjeansvarleg for fiskeri og havbruk
Som fiskarson veit Roger Svarstad kor fort det kan svinge frå høge toppar til djupe bølgjedalar i desse næringane. Han har jobba som bransjeansvarleg i banken i 18 år, og den praktiske erfaringa frå oppveksten har vore gull verdt.
«Dette er framtidsretta næringar som har fått mykje større fokus nasjonalt dei siste åra. Eg har ei stor interesse for bransjen, og det mest spennande er kundane; handlekraftige, frittalande og genuint opptatt av å skape lokale arbeidsplassar.»