Klimaendringar og miljøkrav er ei utfordring for petroleumsbransjen. Næringa er fossil, og bidrar på den måten til klimaendringar, men på same tid er olje- og gass ein dominerande del av energiforsyninga og vil fortsette å vere det i åra framover.

Utfordringar og nye moglegheiter

Fleire av FN sine berekraftsmål, som å utrydde fattigdom og svolt, vil krevje mykje energi. Olje- og gass blir viktig for å nå desse måla.
Likevel vil det bli strengare miljøkrav til næringa framover, som lågare etterspurnad, auka skatt, pålegg om reduserte utslepp og auke i avgifter.
Strengare krav gir rom for nye moglegheiter. Ved å utvikle både eksisterande- og ny teknologi kan bransjen redusere utslepp, og ved å satse innan reinare energi, også vekse.

Kva tiltak kan bransjen gjere?

  • Utvikle ny og eksisterande teknologi for å redusere utslepp, og satse innan havvind, hydrogen og karbonfangst
  • Samarbeide nasjonalt og globalt for å gjere fossil brensel meir klimavenleg

Kva krav stiller banken?

  • Banken forventar at kunden sikrar at eige produkt eller teneste er klimanøytralt innan 2050
  • Kan dokumentere at det ligg føre tiltak for å nå målet

Relevante berekraftsmål:

Mål 9

Berekraftsmåla vil krevje mykje energi. Per no energibehovet så høgt at fornybar energi ikkje er nok åleine. Olje- og gass vil vere viktig for å oppnå «utvikla liv» gjennom mål 9.

Mål 11

I åra som kjem vil petroleumsnæringa vere viktig for å oppnå berekraftsmåla. Ved utvikling av ny- og eksisterande teknologi kan næringa redusere utslepp.

Mål 13

Olje- og gass er ikkje løysinga for framtida, men har ei viktig rolle inn mot å stoppe klimaendringane ved bidra til å fase ut kullkraft frå den globale energimiksen fram til ny teknologi er på plass.