Har du ikkje BankID?

For å få konto, bankkort og nettbank i Sparebanken Sogn og Fjordane, må du fylle ut skjemaet nedanfor. I tillegg må du møte på eit av bankkontora våre for å vise og skanne legitimasjonen din. Du må også ta med signert arbeidskontrakt.
Vi gjer merksam på at det kan ta inntil 10 dagar å behandle søknaden.
Dersom du har BankID, så kan du bruke denne løypa.

Bustadsadresse

Kontaktinformasjon

Du er ansvarleg for at kontoen din ikkje skal brukast til transaksjonar av midlar du ikkje kjenner kjelda til. Du må også varsle banken dersom du mistenker at kontoen din kan brukast til å finansiere kriminell eller terroristrelatert aktivitet. Vi vil hjelpe deg med å undersøke kjelda til pengane i slike tilfelle. Ved å signere denne avtalen stadfestar du at du er kjent med denne informasjonen, og at du vil varsle oss.
Banken er pålagt å sende avtaler, kodebrikke og kort til den folkeregistrerte adressa di. Vi innhentar adressa di frå Folkeregisteret. Hugs å merke postkassen der du bur. Det er ikkje mogleg å bruke postboksadresse. Adresse med C/O kan brukast berre om du skal bu i Norge mindre enn 6 månader.