Barne- og ungdomsforsikringa vår har blitt kåra til den beste fleire år på rad. Forsikringa dekker både sjukdom og ulykke, og inneheld også ei god uføreforsikring. Du kan teikne barne- og ungdomsforsikring frå barnet ditt har fylt tre månader og opp til 16 år. Vi anbefaler å søke om denne så tidleg som mogleg.

Kva dekker barne- og ungdomsforsikringa?

Sjølv om vi ikkje alltid er like glad i å tenke på det, så kan alle som ein bli ramma av ulykker og alvorlige sjukdommar. Om noko skulle skje med barnet ditt, vil dette kunne gi store økonomiske konsekvensar i framtida.
Ei god barne- og ungdomsforsikring dekker både ulykke og sjukdom, og varer ut året den som er forsikra fyller 26 år. Frå 1. januar året den som er forsikra fyller 27 år går barneforsikringa automatisk over til Uførepensjon og Livsforsikring.
Eg ynskjer forsikringsrådgjeving

Kvifor barneforsikring?

– For dei fleste er det sjølvsagt å forsikre dei materielle verdiane som bil, bunad og hus, men mange unnlet å forsikre det mest dyrebare vi har, nemleg barna våre.
Forsikringsrådgjevar Ina Matre Nedberge gir deg gode svar på kvifor barneforsikring er så viktig.
Les Ina sine forsikringstips

Ting folk lurer på