Fastrente – noko for deg? 

Med auka prisar og renteoppgang blir lommeboka og budsjettet påverka. Kunderådgjevar Elisabeth Yvonne Sætren gir deg tips til kva du bør tenke på dersom du vurderer fastrente på lånet ditt.

Fast eller flytande rente?

Med eit fastrentelån avtalar du ei rente og ein sum du skal betale kvar månad i ein periode fram i tid. Då treng du ikkje tenke på renteauke, men dersom renta går ned i denne perioden, vil du ikkje få den rentenedgangen. Fordelen med fastrente er at du sikrar deg ein forutsigbar økonomi, slik du veit kva du skal betale kvar månad.
– Ein bør ikkje gå inn på fastrente fordi ein tenker at det skal lønne seg. Det bør heller vere fordi ein ønskjer og treng å vite kva renteutgifter ein har framover, seier kunderådgjevar i Sparebanken Sogn og Fjordane, Elisabeth Yvonne Sætren.

Fastrente på eitt lån, flytande på det andre

Det er også mogleg å kombinere fast og flytande rente, slik at berre det eine lånet blir påverka av renteoppgang eller -nedgang. I Sparebanken Sogn og Fjordane kan du velje å binde renta i 3 år, 5 år eller 10 år. Du kan ta med deg fastrentelånet over på ein ny bustad om ein vel å bytte bustad i perioden. 
– Dersom du ønskjer å gå over til flytande rente i bindingsperioden, kan du måtte betale eller få utbetalt differansen mellom den avtalte renta med banken og renta for nye fastrentelån, forklarer Sætren.

Ho oppmodar om å ta kontakt dersom du vurderer fastrente på lånet ditt.

– Vi er opptatt av å finne gode løysingar for kundane våre. Det kan i mange tilfelle vere godt å vite kva kostnader ein har kvar månad, dermed ha god kontroll på dei fasteutgiftene i tida framover. Ta kontakt med oss i banken for ein økonomisk gjennomgang, avsluttar Sætren.
Les meir om fastrentelån