Investorvern MIFID

Sparebanken Sogn og Fjordane er verdipapirforetak. Derfor er investeringsrådgjeving og handel av fond, aksjar, rente- og valutaderivat omfatta av verdipapirhandellova.
Avtalar og infomasjonsdokument er oppdatert, og gjeld frå 1. november 2018.
Verdipapirhandellov
EU-direktivet ”Markets in Financial Instruments Directive” (MiFID) gjeld EØS-området. Formålet å gi betre investorvern og legge til rette for grenseoverskridande marknad for finansielle tenester i EØS-området. På denne bakgrunn vedtok Stortinget ny verdipapirhandellov den 29. juni 2007.
Banken har konsesjon for følgjande investeringstenester:
  • Mottak og formidling av ordre på vegne av kunde i samband med eit eller fleire finansielle instrument.
  • Omsetning av finansielle instrument for eiga rekning.
  • Investeringsrådgjeving og tilknytt teneste:
    Tenester i tilknyting til valutaverksemd når dette skjer i samband med yting av investeringstenester
Skal banken utføre investeringstenester for deg, ber vi om at du fyller ut og underteiknar kundeavtale, og sender den til banken. Før du underteiknar og sender kundeavtalen, oppmodar vi deg om å gå grundig i gjennom følgjande dokument:
AvtalarPDF
KundeavtaleLast ned
Alminnelege forretningsvilkårLast ned
Informasjon om kundeklassifiseringLast ned
Informasjon om finansielle instrument og risikoLast ned
Prisliste fondGå til side
Kurtasjedeling/distribusjonsgodtgjersle aksjarLast ned
Tiltak for beste resultatLast ned
Avtale og spesielle vilkår om handel i finansielle instrumenter i NorneLast ned
Verdipapirhandellova medfører at banken ved investeringsrådgjeving til kunden, er pålagd å gjere ei vurdering av om rådgjevingstenesta er eigna for kunden. For å kunne gjere denne vurderinga må banken innhente informasjon frå kunden, om mellom anna kunden sine investeringsmål, evne til å bere risiko og kunden sin kompetanse på området.
Banken er vidare pålagd å avklare om investeringstenestene formidling av ordre i finansielle instrument og omsetning av finansielle instrument for eiga rekning er føremålsteneleg for kunden, basert på kunden si erfaring og kunnskap relatert til risikoen i dei aktuelle investeringstenestene. Banken vil også her måtte innhente informasjon frå kunden for å kunne gjere avklaringa. Sjå Kundeprofilskjema Privat eller Kundeprofilskjema Bedrift.
Vi har dessverre ikkje høve til å tilby ein del investeringstenester, før vi har motteke slike opplysningar frå deg.