Er du mellom 18 og 30 år og skal ut på reise? Med reiseforsikring er du sikra på fritidsturar i Norge, og på reiser i utlandet. I forsikringspakken Frende ung får du reiseforsikring i tillegg til innbu- og ulykkesforsikring.
Kva dekker forsikringa?
Reiseforsikringa i ung-pakken gjeld frå du går ut døra heime til du kjem tilbake. Blir telefonen din stolen på bussen eller du skadar deg på ferie, er det reiseforsikringa som hjelper deg.
Reiseforsikring Frende ung har inga øvre grense for utbetaling på medisinsk behandling, og dekker tapt bagasje, avbestilling og heimtranport ved sjukdom eller ulykke. Den er gyldig med unntak av heime, på jobb eller på skule.