Sparebanken Sogn og Fjordane | SSF
Er du mellom 18 og 30 år og skal flytte heimefrå? Med ei god innbuforsikring har du økonomisk tryggheit om det skulle skje noko med tinga dine.
I forsikringspakken Frende ung får du innbuforsikring i tillegg til reise- og ulykkesforsikring.

Kva dekker forsikringa?

Har du kjøpt bustad eller leiger du? Uansett vil innbuforsikringa dekke alle eigedelar som ikkje er fastmonterte på adressa di. De vil seie møblar, elektronikk, klede, sportsutstyr, spelkonsollar og meir.
Forsikringa dekker i tillegg brann- og vasskadar, tjuveri og naturskadar og også skadar knytt til uhell.

Fordelar med Innbuforsikring ung

  • Dekker alt du eig opp til 600 000 kroner
  • Skadedyrbekjempelse
  • Hjelp ved ID-tjuveri og nettmisbruk
  • Sykkelforsikring inkludert
  • Kun 1500 i eigenandel

Knust mobilskjerm?

Knuste TV-en under flyttinga? Eller klarte du å søle på dine Airpods med eit uhell? Eller knuste skjermen på mobilen? Med innbuforsikringa får du dekka reparasjon eller nytt produkt.
Er skaden under 5000 kroner i året, betalar du heller ingen eigenandel. Dersom skaden kostar meir, er eigenandelen berre på 1500 kroner.

Lurt å vite

Innbuforsikringa i ung-pakken gjeld kun på den folkeregistrerte adressa di. Det vil seie at viss du er student og har folkeregistrert adresse hos foreldra dine, er du truleg allereie dekka av deira innbuforsikring. Dette bør du sjekke opp i.
Vil du ha innbuforsikring utan resten av Frende ung-pakken, finn du informasjon om det her.

Kven passar Frende ung for?

Forsikringspakken passar for unge vaksne og studentar i etableringsalder som ikkje har barn. Du kan velge mellom å forsikre deg sjølv eller deg og sambuaren din.
Meir om Frende Ung