Har du nyleg flytta saman med partnaren din? Då er det lurt å teikne ein sambuarkontrakt eller ein sambuaravtale. På denne måten er de begge sikra dersom noko skulle skje, eller om forholdet skulle ta slutt.

Kvifor ha sambuarkontrakt?

Ei sambuarkontrakt sikrar rettferdig deling av eigedelar og ressursar ved eit brudd. Det er spesielt viktig sette opp ei slik kontrakt når de skal kjøpe bustad saman, ventar born, eller satsar på felles økonomi.

Kva bør vere med?

Det er ingen formelle krav til kva ei sambuarkontrakt bør innehalde, men den må vere skriftleg og signert av begge partar.
Det er viktig å bruke god tid på å fylle ut sambuarkontrakten (sambuaravtalen) og tilpasse den til dykkar behov. Det kan vere lurt å ta tre kopiar, ein til kvar av sambuarane og éin til ein tredjeperson begge stoler på.
Er de i tvil kan de få råd hos ein jurist eller advokat.

Tips til kva kontrakten kan innehalde

1. Oversikt over kven som eig fast eigedom
2. Liste over eigedelar som de eig åleine
3. Liste over felles eigedelar
4. Livsforsikring gjensidig, eller teikna på kvarandre
5. Gjeldsansvar og korleis de fordeler utgifter
6. Korleis dele ved samlivsbrot

Oppdater avtalen

Det er viktig å oppdatere kontrakten ofte ettersom ein får fleire eigedelar og ressursar saman over tid. Ei fin ordning kan vere å gjere det ein gong i året.

Ting folk lurer på