Du må oppdatere kundeinformasjonen din. Det er viktig at vi har oppdatert og korrekt informasjon om deg. Derfor ber vi nokre av kundane våre om å legitimere seg på nytt.
Korleis veit du om du må legitimere deg på nytt?
Kundane det det gjeld vil bli kontakta direkte. Har du ikkje fått beskjed? Då treng du ikkje gjere noko.

BankID-app: Slik legitimerer du deg

Vel om du vil gjennomføre legitimeringa frå nettlesar på PC eller på mobilen din. Du må i begge tilfelle ha mobiltelefonen din tilgjengeleg.
1
Last ned BankID-appen
2
Finn fram gyldig pass / ID-kort og mobil
3
Start legitimering
Start legitimering

Legitimer deg med BankID-app

For dei fleste vil det raskaste vere å legitimere seg med BankID-app. Den kan du laste ned til mobilen frå enten App Store eller Google Play.
For å legitimere deg med appen treng du:
  • gyldig pass eller norsk ID-kort eller ID kort frå EU/EØS land
  • mobil med iOS 11/Android 7 eller nyare
Meir om BankID-app

Manglar du pass eller ID-kort, eller treng anna hjelp?

Som kunde i Sparebanken Sogn og Fjordane, du ha gyldig pass eller ID-kort for å legitimere deg.
Har du gyldig pass eller ID-kort, men ikkje høve til å legitimere deg med BankID-app? Kom innom eit av kontora våre så hjelper vi deg. Hugs å ta med pass eller ID-kort til møtet.
Meir om legitimasjon

Samtykke til ID-sjekk

For å gjennomføre ID-sjekk må du gi oss ditt samtykke.
Etter ID-sjekken vil ei fil med informasjonen som er henta ut av passet ditt, og bildet som du tar med BankID-appen, bli arkivert hos oss.
Dersom du ikkje samtykker til bruk av dine biometriske data, og ikkje ønsker å legitimere deg via BankID-appen, kan du kome innom kontora våre.
Meir om samtykke

Ting folk lurer på