STØRRE OMRÅDE: – Det at hestane våre har rikeleg med plass å boltre seg på betyr utruleg mykje, seier Agna Hodlekve hos Sogn Ridehall. Her med Jan Petter Vadheim, Sparebanken Sogn og Fjordane sine banksjef for bedriftsmarknaden i Sogn.
Publisert 4. juni 2024

No får hestane større boltreplass: – Dette er kort og godt fantastisk!

Med ei gåve på 300 000 kroner kan Agna Hodlekve og eldsjelene ved Sogn Ridehall gå i gang med å lage ny luftegard for hestane.
– Dette er kort og godt fantastisk! No kan vi endeleg få laga ein større luftegard på området. Det området vi har hatt i lang tid har vore altfor lite. No skal det fjernast masse på det kommunale arealet her, og om ikkje så lenge vil hestane våre få boltre seg på området, fortel Agna Hodlekve ved Sogn Ridehall.
Ho held fram:
– Det at hestane våre har rikeleg med plass å boltre seg på betyr utruleg mykje. Dei må ha plass til å bevege seg på, og vi veit at rørsle er svært viktig for hestane sin trivsel og livskvalitet. Så desse pengane er veldig kjærkomne, seier Hodlekve då Sparebanken Sogn og Fjordane sin banksjef for bedriftsmarknaden i Sogn, Jan Petter Vadheim, stikk innom med den store gåvesjekken.
Gåvetildelinga på 300 000 kroner er gitt av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og desse pengane kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane.

Stor interesse

– Sparebankstiftinga har også bidrege til fleire av våre prosjekt tidlegare, og er viktige for oss. Vi har drive dette anlegget i mange år, og utvidar stadig vekk tilbodet her ved hestesenteret. Vi har totalt plass til 12 hestar i stallen, og fem er i bruk på hesteskulen vår. Kvar veke har vi mellom 40 og 50 elevar som deltek på skulen på kveldstid, og dette er eit svært viktig tilbod til hesteinteresserte i området, fortel Hodlekve og viser Vadheim rundt på anlegget på Kaupangerskogen.
– Vi opplever også at interessa for hest er veksande hos vaksne, og vi vurderer faktisk å starte opp ei eiga vaksengruppe. Så skulle det bli litt pengar igjen, så kan vi kanskje bruke dei på rideskulen, seier Hodlekve.

– Kan godt hende det kjem ny søknad

Sogndal Køyre- og Rideklubb har 40 års erfaring, og på anlegget på Kaupangerskogen er det ridehall, utandørs ridebane, travbane og maratonhinder. Og no har dei også planar om å skifte ut dekket på ridebana.
– Så det kan godt hende at vi kjem tilbake med ein ny søknad til Sparebankstiftinga. Vi ser at det kan vere lurt, seier Hodlekve og smiler i retning banksjefen.
– Som kauping så veit eg kor viktig arbeidet som blir utført her på hestesenteret er. Og det frivillige arbeidet som blir utført av både foreldre og andre har stor betydning. Og så er det jo flott å oppleve dølahestar i aktivitet rundt i Kaupanger når de tek ein tur med hestane. Så kom gjerne med ein ny søknad, seier Jan Petter Vadheim.

Stig Roger Eide

frilans

Siste frå meirennbank.no

No tar ungdommen over kommunehuset

Sidan kommunesamanslåinga for fire år sidan har store delar av kommunehuset på Skei stått tomt. No tar ungdommen i bygda over!

Les heile saka
No tar ungdommen over kommunehuset19. juni 2024
Har fått 400 000 kroner – no er Hamneparken opna18. juni 2024
Her kjem to Astrup-måleri heim 18. juni 2024
Vart overraska med stor gåve på familiedagen17. juni 2024