GLAD FOR GÅVE: Norsk Hjortesenter på Svanøy, her representert ved hjortekolla Bambi og dagleg leiar Jon Anders Stavang, er tildelt ei gåve på 500 000 kroner. Til høgre står Ole Aukland, banksjef i Florø.
Publisert 14. mai 2024

Her lurer Bambi på kva som skjer

Det var ikkje berre dei tilsette ved Hjortesenteret på Svanøy som spissa øyra då Ole Aukland og Tore Reksten frå Sparebanken Sogn og Fjordane stakk innom. Også hjortekolla Bambi kom luntande i håp om godsaker.
For med ein samanrulla stor sjekk kunne dei to banktilsette troppe opp med ikkje mindre enn 500 000 kroner til utbetringar av den meir enn 100 år gamle driftsbygningen. I løpet av kort tid skal skifertaket renoverast, og det skal leggjast solcellepanel på taket.
– Dette prosjektet har ei total ramme på nesten tre millionar kroner, og då er det fantastisk å få ein halv million frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Det kostar mykje å omstille til grøn energi, og vi ser på dette prosjektet som første etappe. Reknar med at vi framover kjem til å komme opp med fleire viktige prosjekt, seier den nytilsette leiaren ved Svanøy Hjortesenter, Jon Anders Stavang då han tek mot sjekken frå banksjef Ole Aukland, medan «sjefskolla» Bambi nappar nysgjerrig i den blå sjekken.

Ny leiar

«Stiftelsen Norsk Hjortesenter» har på mange måtar vore livsverket til tidlegare leiar Johan Trygve Solheim. Men sist haust trekte han seg tilbake, og Jon Anders Stavang har overteke leiarjobben for «Stiftelsen Norsk Hjortesenter.
– På folkemunne er det mange som berre kallar oss Hjortegarden. Vi er det einaste kompetansesenteret for hjort i Norge, og har i dag seks tilsette. Vi er ein faginstitusjon for dei om lag 100 hjortegardane vi har i Norge, og skal formidle kunnskap om hjorteviltet til alle. Normalt har vi tre masterstudentar ved senteret, og målsettinga er å få ut kunnskap om kva verdi som ligg i hjortekjøtet, fortel Stavang til dei to banktilsette og gjev også smaksprøver på både hjorteburger og spekemat av hjort.

Hjortekjøpt på Hurtigruten

– I tillegg til innovasjonsarbeidet vårt driv vi også aktivt med å forvalte vårt eige hjortekjøt. Noko vi har store planar om å utvide. Marknaden etterspør «reint kjøt», og då finst det vel knapt noko som er betre enn dette, seier Stavang med stoltheit i stemma. Og han kan røpe at dei for kort tid sidan fekk førespurnad om å levere hjortekjøt til Hurtigruten.
– Dette er ein utruleg spennande kunde. Det starta med 500 kilo, og auka raskt til 1000. På sikt kan det vere snakk om seks tonn om året. Det er klart at då er ikkje vi store nok, og må gå i kompaniskap med andre leverandørar, seier Stavang og er svært glad for at fleire og fleire ser på hjorteviltet som ein viktig ressurs.
Den 100 år gamle driftsbygningen skal no utbetrast.

Mange planar

– For vår del underbyggjer det også planane våre om å utvide tilbodet på Svanøy. Vi samarbeidar tett med Fjordkysten og Reisemål Sunnfjord, og vil vidareutvikle Svanøy som reisedestinasjon. Vi kan halde større selskap, ha kurs og andre aktivitetar. Saman med andre kan vi utvikle turstiar på øya, etablere besøkssenter og vi kan ikkje minst leige ut jaktløyve på hjort. Sist haust hadde vi til dømes eige jaktkurs for kvinner. Det finst omtrent ikkje begrensingar for kva vi kan finne på, seier Stavang engasjert og viser til at noko av det første dei må gjere er å skifte ut deler av skifertaket på den store driftsbygningen med solcellepanel.
Støtta til Hjortesenteret på Svanøy vert gjeve av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og pengane kjem frå overskotet i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Gå i gang

Noko banksjef Ole Aukland er glad for å bidra med økonomisk støtte til.
– Det arbeidet som Stiftelsen Norsk Hjortesenter gjer med denne fantastiske ressursen i skogen er unikt. Vi forstår at her er det mange viktige planar for framtida, og eg oppfordrar senteret til å søke om støtte vidare. Eg har fått høyre at med tanke på den grøne omstillinga, så kan det vere trong for å nytte «ny energi» på fryselageret eller gå til innkjøp av el-bil for å transportere både foredla kjøt og gjester på øya. Eg forventar nesten av vi får høyre meir frå hjortesenteret utover, smiler Ole Aukland og overrekker sjekken på 500 000 kroner til Jon Anders Stavang.
Og så snart gjestene har gått gjennom porten til innmarka, trekkjer også Bambi seg bort og finn eit område med saftig og grønt gras.

Stig Roger Eide

frilans

Siste frå meirennbank.no

Positiv inflasjonsutvikling – kva betyr det for deg?

Onsdag vart inflasjonstala for juni presentert. – Dette er gode nyheiter, seier Arne Sæterbakken, leiar for finans i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Les heile saka
Positiv inflasjonsutvikling – kva betyr det for deg?10. juli 2024
Ørjan takkar lokalfolket – no kjem dei i mål!2. juli 2024
– No får vi eit komplett anlegg1. juli 2024
Ein halv million til Harpefossen Skisenter27. juni 2024