Publisert 23. april 2024

Så lite kostar det å forsikre bunaden

Nordmenn bruker gjerne 40 000 kroner på ein bunad, men droppar å forsikre den.
– Det kostar cirka 30 kroner i månaden å forsikre ein bunad som kostar 40 000 kroner. I året snakkar vi 360 kroner. Det er veldig lite sett opp mot kostnadane ved ein skade, seier leiar for forsikring i Sparebanken Sogn og Fjordane, Tor Ulsten.
Ei god forsikring dekker alle typar bunadsskader, tjuveri og gjeld over heile verda.

Ikkje dekka av innbuforsikringa

Mange trur nok at bunaden er dekka gjennom innbuforsikringa, men det stemmer ikkje heilt ifølge forsikringseksperten.
– Ei innbuforsikring vil dekke bunaden din så lenge den heng i skapet heime, men skal du ha ei god forsikring når bunaden er i bruk på reise eller ute i 17. mai-tog bør du ha ei eiga forsikring for den, forklarer Tor Ulsten i Sparebanken Sogn og Fjordane.
Vil ei reiseforsikring dekke bunaden?
– Berre delvis. Ei reiseforsikring har ei maksimal avgrensing i beløp pr. gjenstand, slik at den ofte ikkje dekker dei verkeleg kostbare eigedelane fullt ut. Det er derfor vi anbefaler ei eiga verdigjenstandforsikring for eigedelar verdt meir enn 20 000 kroner, seier Ulsten.
Han minner også om at ei reiseforsikring ikkje dekker skadar som er forårsaka av deg sjølv, for eksempel ved eit fall.
– Ei bunadsforsikring gjeld over heile verda, og dekker alle typar skadar, også skadar du er sjølv er skyld i. Folk sparer gjerne lenge for å få råd til bunaden. Då er det dumt å ikkje kunne bruke den utan å vere bekymra for skadar, seier Ulsten.
Har du andre forsikringar i Frende, kan du kjøpe bunadsforsikring hos oss.

Vanlege bunadsskadar

  • Flekkar frå mat og drikke, brente hol og stoff som blir reve på spisse kantar.
  • Skade etter brann eller uhell i nærleik av sjø og vatn.
  • Andre skader kan kome frå møll eller fukt etter feil oppbevaring.

Siste frå meirennbank.no

Positiv inflasjonsutvikling – kva betyr det for deg?

Onsdag vart inflasjonstala for juni presentert. – Dette er gode nyheiter, seier Arne Sæterbakken, leiar for finans i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Les heile saka
Positiv inflasjonsutvikling – kva betyr det for deg?10. juli 2024
Ørjan takkar lokalfolket – no kjem dei i mål!2. juli 2024
– No får vi eit komplett anlegg1. juli 2024
Ein halv million til Harpefossen Skisenter27. juni 2024